mandag 19. oktober 2009

Tårer i hekseaugo


Ei tåre trillar ned over kinnet.....frå høgre auge, liksom berre kjem av seg sjølv...rullar, trillar sakte men sikkert. Eg er ikkje trist. Eg er godt fattet og ved friskt mot! Eg har fått gjort ein heil masse i helga, eg har fått unna arbeid og plikter.

Nei...trøtt er grunnen. Liksom stirer i skjermlyset her...og augo er nok overbelasta. Må vera grunnen det. Lakenskrekken har gjort seg gjeldande att i høgaste grad. Eg har rotla og totla og snudd meg og vridd....
Senga stakkar gjer så godt ho kan...står der og gjer seg forlokkande. Det hjelper ikkje. Eg varmar ho opp..eg prøver...ligg litt i gubbevaremegvel alle stillingar. Opp og hopp Gro! Det er natt! Folk skal sova no. Berre vampyrer, hekser og andre troll som er vaken. Heks...jau det er vel so det, for vampyr kan du vera heilt sikker på at eg ikkje er....men heks med tårer som trillar? Eg veit ikkje eg. I alle fall ei god heks...ei Groheks.

tirsdag 13. oktober 2009

Å du henvendelse.......etterlyser pelskledd fosterbarn






I dag då?



Er liksom forstemor for ein katt òg no ei stund. Greitt eg har vore forstermor for ei jente....men no altså ein katt for ei veke eller to. Gråspragla liten pelsdott som sjokkar rundt i huset og nys tak i trådnøstene mine, føtene mine eller kva som no skulle vera nær golvet. Koseleg det, men ikkje når ein held på å snubla ned trappa fordi pelsdotten på død og liv skal springa sikk sakk mellom stega mine , helst to sikksakkar på kvart trinn. Jau lever gjer eg enno...eg gjer no det....


kanskje kattaskinnet trur ho er tøffelen min? Nei sige meg så......har no gubbevaremegvel tøflar så det held. Hjørnebordet i stova er full av dei. Strikka tøflar og tovar i vaskemaskina med grønsåpe og greier.

Skulle tatt seg ut om eg fekk med pelsdotten i maskina neste gong. Då hadde ho nok i alle fall vorte tøffel.....






BEVARES....her berre rullar fingrane over tastaturet og det eine tek det hitt....rotar meg visst heilt ut i ....ja kven veit viss eg held på slik....

Nei no får det halda.



Katten heiter Løvetann...for så vidt ein kjekk pus, jysla mjuk og full i guff. Elskar mat...sikkert lagt påm seg 4 kg til eigaren kjem att og eg er mange kroner fattigare i kattamat.

Vel i kveld var ho ute....nokre jenter leika med katten og brått var ho vekk....Eg har pusa og pusa....Tør du å tippa kva som kjem ut av hekken min i 6. puserunde ute i mørket?
Piggsvin trur du? nei...Ikkje snigelen hell. Dei har truleg frose fast i jorda....Nei ut av hekken kom vel ein stor stygg svart hannkatt på lusken og tusken etter ho vetle uskuldige 5.mnd gamla grå pelsdyret som eg passar. I kveld kjem ho visst til å vera ute......og i morgon lyt eg rundt Movatnet på leit viss ikkje ho dukkar opp att.

Viss du der ute skulle oppdaga ho gråspraglete og korthåra så ring meg. det er ikkje tøffelen min som er ute på tur men rett og slett ei type pelskledd fosterdatter for ein periode....

torsdag 24. september 2009

Aldeles nydelig

er Asle Beck sin siste. her er han...høyr då.
http://www.youtube.com/watch?v=g83Jt4dtwE8

mandag 21. september 2009

HAPPY

Her er dagens video! Her har du min yngste sønn og meg i eit nøtteskall ....liksom fri utfoldelse....... http://sendables.jibjab.com/view/FyrRLprGg47VhnF2

onsdag 29. juli 2009

Skal kjøpa....etter kvart..

Her er draumen....eg skal berre verta enno litt rikare fyrst. No har eg rett og slett kome til det punktet at eg har bestemt meg for å kjøpa lavvo. Det er sjølvsagt mange ulike typar. Eg har bestemt meg for ein som har tjukk og god bommulsduk....skikkeleg vasstett, einstangslavvo. Faktisk den som vart nr ein i testen som er gjort av naturmagasinet.Ser ut slik som denne på biletet, men har ei stang i midten. Ikkje mange kring heile.

Her er han. Tentipi lavvo. I tillegg skal eg ha meg feltseng...eit par tre stk , tørkestativ og

bålpanne til utebruk. Inne i lavvoen skal eg ha lavvoovn slik de ser på biletet her og botn.

Eg gler meg til å bruka han. Ja, kva skal ei halvgammal totla med ein slik tenkje du.....berre tenk det du, men eg skal ha han med meg på tur....Kan vera kor eg vil , kva årstid som helst.
Dessutan kan eg setja han opp i nærleiken av skulen og bruka han


slik at elevane får gleda av det,..... eg kan rett og slett flytta til øystese viss eg vil....kan bu der....eller eg kan ha han ved hytta rett og slett til å ha da triveleg i,...... eller utanfor huset mitt til å ha hyggelege samkomer eller....................

Sørlandet, Sverige, Finmark, Bømlo, Holmefjord, Sotra, i skogen eller kor eg vil, når eg vil. Kva du trur???? Vil du vera med på tur??

tirsdag 28. juli 2009

ALVORLEG LENGE SIDAN....

Eg har vore innom her og skrive litt....og no har eg tid i massevis..Ferie og greier.

Akkurat i dag regnar det ørlitegrann......vel for ..nnnte dag på rad.Har kjøpt meg nye raude støvlar...... Greit det for så vidt, men me blir ikkje brun av det. Greit det og for så vidt..me har vel strengt tatt ikkje behov får å gå rundt å vera gyllen heller....eigentleg ser me berre gamle ut.
Får meg til å tenkja på at her sit eg og eldast og skulle heller gjort noko heilt anna.....kva eg eigentleg skulle gjort og kvar eg skulle vore er enno berre i den vetle verda oppe i mitt eige hovud....vel det sviv meg at det vil vera ein og annan der ute som veit kva hjernen min er mest oppteken av....men for tida er det ganske så privat.
Ferie er fint det...men sikkert ikkje for dei som har tre veker med regn.......takka meg til å ha heile sommaren....no er eg no forresten kome i det moduset at det byrjar å verta trasig og eg har lyst å byrja jobba att.Slik er det alltid. Kvardagane er best folkens.
Elles så kjem eg attende med info om lavvo....interesserer meg for det no, men den typen eg vil ha er så dyr at eg rett og slett må venta litt. Her seddu er typen!


Gu kor eg gler meg...skal ha ovn og ....og....og... Men kjem altså back to it. No er det middagslaging her. Hei og hopp!

torsdag 14. mai 2009

Du verden!


Vinden bles sønna og vinden bles norda.......Føler det slik i dag. Nydeleg vær ute, men du verden kor det bles. Bles rundt meg på fleire kantar i dag. ....

Eksamen....måtte vera ferdig til kl to. Var ferdig noko før eg, men du for eit styr. Knasta og tasta , pusta og pesa, bladde og leita, digitaliserte meg på nettet med all slag verktøy.......og på den kvite skjermen auka det på med svarte bokstavteikn. Tru om det var fornuftig? Det var sikkert det. Vil visa se om nokre veker når resultatet kjem. Viss ikkje har dei ikkje forstått kor flink eg eigentleg er! :-))

Ute skein sola..trea låg nesten skinflate den eine vegen , så den andre. Det flaksa og klaksa i presenningen over veden min. Hannkatten Kastratus for ut og inn liksom for å terga meg som måtte sitja her med tastaturet. Han har ikkje hatt tid å eta maten sin ein gong, i dag, slik som han held på.

Eg held på eg og! Held på med alt samstundes. men du verden! No er eg ferdig! No skal eg liksom rigga meg til...sit her eigentleg i ventemodus mot det som eg i utgangspunktet ikkje taklar. Grand Prix!

I dag er det semifinale berre så mykje eg får "gådd meg opp" før laurdagskvelden då det verkeleg gjeld. Alexander Rybak var heime hos hovuddommaren i Moskva og drakk vodka stod det å lesa i går.....Kva då viss han vinn? Folk vil ikkje godta det og kalla det fusk. Sann mine ord. Nei, veit ikkje eg om eg tåler å sjå dette. Enten så ryk han no i semifinalen fordi Synnøve Svabø lokka den stakkars ungdomen ut i elendet, eller så vinn han heile suppa......men då kjem klagane skal du sjå.

Ikkje hadde dei vodka i glasa heller, sa dei. Kva skulle no ho der Synnøve rota det til for? Halvgammal jåla som dreg ungdomen ut i .............ja! Han skal liksom vera avhaldsmann, Rybakken. Fint det viss Europa trur på det. Skal i alle fall ikkje eg vera viss dette blir rot og elende av.....

De forstår eg har mykje på meg. Eksamen og semifinale i Grand Prix på same dag. Du verden!
Men ein ting er sikkert: Enten så vinn han , eller så vinn han ikkje! :-)

mandag 11. mai 2009

Både her og både der

Da e no da skjer seddu! Da e gubbevaremegvel eit styr men eit interessant vesen, ska sei
Da skjer både her og både der...."
Konfirmasjonen er ikkje for vel over....har ikkje fått rydda bort rotet, ikkje ete opp restane ein gong....komlene ligg som bly i magen dag etter dag. Men du da e godt! Ja,då e eksamen over meg. På jobben er det eksamen i 10.klassane våre, ogsom om ikkje det var nok med konfirmasjon og eksamen, så skal eg ha eksamen sjølv denne veka......Interessant!

Har ikkje forlite å hengja fingrane i, nei, skulle vel heller hatt dobbelt sett med fingrar. Det hadde blitt flott.! 4 tottar, 4 peikarar, 4 langemenn, 4 gullebrann og 4 lille petter spillemann. Kunne spelt på alle strengane samstundes då.....Kan det for så vidt no og, men då.....Jau då rauk ryggen. Gjekk rett og slett i lås i slutten av arbeidsdagen og då skulle eg ha 5 stk på middag ....Hmf....Gode råd var dyre:
Kiropraktor! Den var grei. 300 kr for 15 min og oppegåande etterpå. Måtte vera bra det. Skal ikkje sitja på nokre dagar. Neivel Ståande eksamen no då! Eg skal stå både her og både der rundt i min overmøblerte heim. Skal bli bra det! Er det ikkje det eine så er det det hitt sa dama.....osv. Kvardagsblogging om eitt og hitt er og bra. Kanskje ikkje for deg som les, men i alle fall for meg som brukar tottane, peikarane, langemenn, gullebrandane og lille petter spillarane til å knasta på på dette kvite tastaturet. Eg kosar meg eg....kosar meg med konfirmasjon, komler, eksamen, kiropraktor og tastatur.Kosar meg både her og både der, både med eitt og med hitt!

fredag 8. mai 2009

Natteravn..eller kva eg no er....Kråke kanskje

Eit eller anna er det i alle fall. Her er eg på ny....nok ei natt....Kjekt med netter ...skal liksom sova då. Kva skal me sova for når me kan vera dønn vaken. Lakenskrekken er konstant viser det seg. Diagnose: Konstant lakenskrekk med svimling dagen derpå som følge..... Jau ho har vel da!

Vel fortare enn eg anar har eg prøvd senga, tørna rundt eks antal gonger i senga, prøvd alle sovestillingar,irritasjonen stig proposjonalt med farten på tørninga. Det heile munnar ut i eit høgt Åååååå og dermed er beina på golvet att. Golvet er iskaldt for glaset står ope. På med strikkalabb og varmejakke. Vegen er kort ned til kjøkkenet og her står mitt lille rosa vidunder. Eg loggar på og her er eg.
Tek meg eit glas vatn....to glas vatn...skulle tatt conjakk..det hadde gjort susen, men heldigvis er eg godt oppdregen og held meg unna. Er jo jobb i morgon tidleg må vita. Skal vera skinande og blid , ikkje surren og gusten.

Nei ei spire til natteravn er det nok i meg. ..Kråke kanskje....Går mykje i svart...likar å masa...men kven skal eg masa med i natta? Eg masar med mine eigne tankar og eit koseleg kvitt tastatur....

Det slår meg no, i slike stunder, at eg kanskje skulle hatt ein partnar eg kunne irrritera med å vekkja opp. Kan ikkje få ungane mine på beina no for å prata...Lovleg seint vil eg tru. Kanskje eg hadde fått det offentlege på døra då....ja om eg drog ungane opp etter 00.00 om natta for å slå av ein aldri så liten prat, meiner eg. Tanken freistar........

Nei no tenkjer eg på Siri og giftinga. Har rett og slett rive i ny kjole. Bestilt spesialsydd til meg... Kor tar ho dei frå? Pengane vel! Jau ho er lærar og tener så godt...dessutan har ho så mykje ferie seddu... Skal bli ei flott kråka i kjolen min eg. I kjolen kan eg dansa gjennom natta......

mandag 4. mai 2009

Venting .................



Venting er og ein syssel..............
I dag har eg venta , venta og venta og det på så ulike greier
Tidleg vaken...så tidleg at eg rett og slett ikkje kunne stå opp ein søndag morgon til den tid....halv sju liksom......kva skulle eg gjort klokka halv sju?
Vel, så måtte eg venta.....venta på å kunna stå opp. Eg vrei meg i senga, bess så eg låg på eine sida , så låg eg på andre sida, og brått var eg på rygg. Kanskje skulle det vera betre å liggja på magen. Kanskje eg hadde fått sove litt meir då?
Før eg viste ordet av det hadde eg prøvd magen, med og utan hendene inn under meg...nei, det var ikkje greitt. På sida att osv....Heldt på å få gnagsår rundt heile kroppen etter som eg prøvde , prøvde og prøvde og kroppen liksom berre skrapa i lakenet same kva. Seng er ikkje godt når ein er vaken.... Herved oppsummert og konstatert!

Ei lang historie kunne vorte lang her, men for å gjera det heile litt kortare så var eg etter kvart kome meg på beina.....jau,........ venta på at andre i huset skulle vakna. Kunne ikkje bråka med noko....venta ..venta ... venta.
Og seinare venta på at eg skulle til mor mi og eta middag. Der måtte me atter venta før me kunne gå i bursdagsselskap til tantebarnet mitt.
Seinare på kvelden venta eg på at klokka skulle verta så mykje at eg skulle vera privat taxi for nokon klokka 20, så venta på å få tatt mål til ein selskapskjole eg skal få sydd.... vent vent vent
Har de nokon gong tenkt over kor mange minuttar og sekundar som går opp i venting på ein dag? Har de svive deg kor mykje du kunne brukt den ventetida til? Tenk alt me kunne gjort!
Skal livet halda fram slik øver me oss kvar einaste dag og ventetreninga held fram dag ut og dag inn og veke ut , veke inn.... Lurer på om eg skal melda meg til VM i venting..... Blir gal av å venta eg....Mange seier eg er brå. Javel! Godt nok det, men så er det i alle fall litt meir action då.
Venting......Liksom det er noko bra syssel! Og no.....no ventar eg på å bli trøtt og klokka er 00.12 dessutan ventar eg på selskapskjolen eg har bestilt. Ventinga ebbar ikkje ut......kjolen kjem i august.....Halloooo?????

Her ser de eit bilete som heiter venting.......Forstår?????

fredag 1. mai 2009

Blues.......... bolle



På pubben er det blues så kva gjer eg her med tastaturet mitt? Må gjerne lura....eg som likar så godt bluesmusikk......av og til må ein ha det keisamt sa mor mi i oppveksten min.....ein kan ikkje alltid få det som ein vil.......livet er ikkje alltid rettferdig.......Høyrt slike svar før? I kveld dukkar dei i alle fall opp i pannelappane mine....liksom henta fram frå ein eller annan fankens plass i hardisken....langtidsminnet......Jau ho har vel da!

Nei eg kosar meg her med tastaturet eg,,, har til og med fått ny venn på Facebook i kveld....noko som får meg til å tenkja fleire år tilbake i tid.....ein venn som eg ikkje visste var så god.....mannleg til og med ....BEVARES!!! Eg som er redd mannfolk!
Tre typar kjenner eg i Sunndalsøra...alle tre er fantastiske folk....gode venner...venner som stiller opp om det er noko.....venner som tok seg av folk dei ikkje kjende.......då kom dei inn under fana fantastiske menneske og gode venner.
Venner ein skjeldan snakkar med, kan gå mange år mellom kvar gong og likevel er det som om det var i går eg snakka med dei......slik er det ikkje med alle på pubben ....på bluesen....Prøver å trøysta meg sjøl.....er jo ikkje der som eg skulle vore....skulle vore ...., ja, nei, eg kan ikkje avsløra her kvar eg aller helst skulle vore...det er i alle fall ikkje på bluesen , men eg måtte hatt stor bil, sterk bil.... Nokon forstår dette....berre greitt heilt greitt.
Slik som dette ser det ut på eit kvitt ark om ein skriv ned tankar som flagrar....lite heimantegådd, fredagskos i overmøblert heim. Rett og slett triveleg....Kva skal eg på pub etter? Kan risikera å dra på seg svineinfluensa kanskje.....eg er plaga med å dra på meg influensa når eg går på pub....best eg er heima. Heima og planleggja konfirmasjon neste helg.....telja egga i kjøleskapet, vega mjølet og sjå til at ingrediensane er der..
Det sender tankane mine til bollane eg skulle laga i dag. Trur du ikkje at eg mista eit heilt brett med ferdig heva bollar på golvet - opp ned- sjølvsagt. I dag vart det vaskepulverbollar med kattahår, tånaglrest og hybelkanin innbakt. Rett i bosset kan du sei!! Berre eit brett vart steikt, berre eit brett bollar å eta opp....godt var for så vidt det. Blir rund av bollar......godt eg ikkje skulle på pub likevel....sikkert for vid på midten til å koma i pub til pub kleda mine....

Nu er det natt. Lurer på kor det er i Qatar ?

torsdag 30. april 2009

Tjudeluuuuuu





Raudvin, rundstykker med kjøttdeig, bacon, creme fresh, karameller, sjokolade og datakurs.....
Det er kva det har gått i denne siste kvelden i april.
Me måtte rett og slett ha oss ein triveleg kveld, Kristin og eg. No kan ho alskens saker og ting. ...Laga film, movie maker, photostory, xtranormal animasjonsfilm m.m.


Raudvin gjorde godt.....karameller og....likar no best lakris eg. Lakris hjelper for depresjon har eg høyrt. Depresjon.... Eg er då ikkje deprimert..... hjelper sikkert for anna og. Hjelper for kiloane, trur eg. Ein lakris i kvar fot, tre rundt midja og ein i hovudet. Lakris i hovudet? NEI! i dobbelthaka forstår du!

Elles fekk eg med kven han tok som kjærast, ungkaren..... Eg var nøygd med valet..... det er verre med mitt eige val.....Kjem ikkje så langt ein gong. Jaja, nei, eg har no eit langt liv att endå reknar eg med. Skal no endeleg klara å komma meg i kjærleiksmodus viss eg vil det ja....skal ikkje stå på det.....det står vel heller på viljen.
No er det lallings i Sundsvik. Eg sit og ser ut over mi overmøblerte stova og synes eg har det retteleg så fint. Heimekoseleg er rette ordet. Er på sin plass å ha det heimekoseleg her no så lite heimantegådd som eg er. Har ikkje tenkt meg ut denne helga heller. Vil finna roen, slappa av og lada opp til neste veke.

Ser eg ut over altanen min så ser eg at klypparen må dragast i gang i morgon...nei ikkje i morgon ...då skal det vel vera 1.mai og det er raud dag.....me får sjå kor mykje hensyn eg tek. Tjudeluuuuu.

onsdag 29. april 2009

Gal................igjen, no igjen?

I går skreiv eg at eg ikkje var gal....at eg var normal......etter siste døgeret har eg så smått byrja å fundera øøøøørlite på den der du......

I natt hadde eg eit så forferdeleg mareritt at eg vakna av det...Kan ikkje fortelja inngåande kva det gjekk ut på , men det var sjølvsagt skumlingar som skulle ta far min og meg.....kva slag skumlingar?
Ikkje noko spesiell type, heller ei blanding av fleire typar skumlingar....ein slags mutasjon av tre typar faktisk.....Etter oss var dei i alle fall og eg vakna sjølvsagt av dette scenariet.

Tenk å vera i moden alder slik eg er og likevel så redd at eg ikkje tør sova att. Eg turde heller ikkje stå opp. Låg og såg mot døra og venta på å sjå skuggar i gangen....Moooooaaaahahahaha

Eg berre seier det: Her ser du kor normal eg er! Gal???? Å neiiiidå ....
Skummelt å skriva om dette her, for skulle du vera ein av dei som ikkje les innleiinga men startar og skumma midt i historia, ja så trur du eg er schizofren......
No er snart natta her att.....tru om eg og pappen får vera i fred i natt?

Dagen i dag , trøtt , ja, men god. Prøveeksamen på skulen, til kyrkjes på kveldstid. Har konfirmant eg seddu.... Då må me stilla opp.

Elles så lurer eg på i kveld om du er ein av dei som les i bloggen min utan å klikka deg inn som fylgjar (sjå i venstre marg, meld deg som fylgjar då)
Eller du kan rett og slett gje ein kommentar til innlegga, eller rett og slett haka av for om du likar innlegga eller ikkje.
Så mange kommenterer i forbifarten at dei har hatt glede av å lesa. ....Hadde vore kjekt om de gav ein lyd på sidene her og........
Men på Gjøvik du.... der driv dei høgtlesing i ledige stunder. Kjekt med sånne halvgalne totentullingar som liker å lesa hardinganytt på ein annleis måte.

tirsdag 28. april 2009

Heile verda er gal...berre eg er normal!


- ein heilt aldeles vanleg tysdagkveld liksom.....liksom det liksom... Er ikkje så vanleg som du trur...nei her er det både det eine og det andre som skjer....og ser ein nyheiter så blir ein "kvøkt"
Svin svin svin..........

Tilfeldigvis så har eg gått på skule i min barndom....då læte me om jostedalsrypa som overlevde svartedauden...Ho var heldig ho......
I dag på denne tysdagen som liksom skal vera ein heilt vanleg dag så har eg bestemt meg at eg skal verta hardingarypo - ja , det skal stå om meg i historiebøkene om nokre hundreår......Gro ei møy frå Norheimsund som overlevde svineinfluensa i 2010.... trur du det ikkje? Me skal sjå! Me skal snakkast der på hi sida ein gong om mange mange år og då kan me ta ein evaluering på denne historia.

Nyheitene spreier rundt seg med elendigheit. Folk har byrja få panikk og handlar inn på Tamiflu...doktorane skriv ut...... Høyrde i dag at dei var utselde for munnbind i Bergen......takka for det når det er to hordalendingar som er innlagt etter heimtur frå Mexico....
Ke da dei kjem heim itte?? Nei huff..... det var stygt sagt. Dei prøver vel å rømja frå elendet dei og.
Flyplassar rundt i verda har folk med kamera som fangar opp varme. Undersøkjer alle som kjem av flya. Nokon som har tenkt på å undersøkja alle som stig av bussen i Norheimsund og Øystese kanskje? Neeidå... nei det har ingen tenkt....men no har eg tenkt det.
Kanskje eg skal stå med kamera og freista å fanga opp elevar med feber, elevar som stig av bussen i Øystese i morgon - Da sko tatt seg ut!!!

Tru om eg blir sjuk av å sitja slik og filosofera? Tru om eg er sjuk? I alle fall ikkje av svineinfluensa. Litt allergisk, litt forkjøla og småsurren, men gal- NEI! Eg har ikkje mokkabønner til trøst ein gong. - Eg har noko luxussjokolade frå Sveits. FRÅ SVEITS? Kan ikkje opna den pakken.....kan henda svineinfluensa er i Svies og....ingen veit.... Nei det er heile verda som er gal, berre eg er normal!

torsdag 23. april 2009

Nett no.......................og Ålvik.......

...........skulle ha gjort ein heil masse anna enn å sitja her å trykkja, men tastaturet berre ropa etter meg liksom...Eg sleit meg laus frå kontorstolen....skulle berre nett før eg hoppa i bingen, men så kjende eg suget i ryggen....det liksom greip meg i eine bh stroppen og berre droooog meg tilbake til her eg sit no. Akkurat her med store grå tastar framføre meg...Kva er det de vil tenkjer eg og tastane svarar: Skriv litt om Ålvik teaterlag då......

Jau altså Ålvik teaterlag er i aller høgste grad oppe og går att. Lise Dahle har tromma saman fleire gode skodespelarspirer og sett opp eit teaterstykke - ein slags humoristisk farse, der det er mange forviklingar.

Eg var inne og gav dei nokre tips her ein kveld i sist veke så eg har smugkikka. Kan berre sei at det absolutt vert anbefala å ta turen i morgon, fredag 24. april. Då er det absolutt siste høve å sjå dei i aksjon. Premiæren har vore i dag og har vore svært vellukka står det å lesa....

Det trur eg så gjerne. Eg gledar meg til i morgon. Ta turen du og. Kostar 100 kroner og det er pubkveld etterpå. Er ikkje det stas då? Folk i Ålvik er ein fantastisk rase....ein flott gjeng i eit lite bygdesamfunn. Vel er det kanskje slik i så små bygder at om du kjøper ein del biff på butikken så veit alle det og lurer på kven du skal ha på besøk....Hehe

Nei det er ikkje slik.......Eg har jobba i Ålvik i 9 år av mine.......ja , nei det vil eg no ikkje sei, men poenget er at 9 år er mykje. Ein kjenner folka litt då. Eg stortrives i Ålvik med alle framtoningane der og til deg vil eg sei. Om du har ørlitegranne interesse for teater....er litt forviten på ålviksamfunnet eller rett og slett ikkje veit heilt kva du skal ta deg til fredag kveld så ta turen. Det heile startar klokka 19.30.

Nett no starta eg vist med....nett no skal eg gje meg med mitt forhold til tastaturet og rett og slett riva meg laus frå inspirasjonen, tastane, den blanke skjermen og heller finna røynda....sein kveld klar for bingen.

onsdag 22. april 2009

Mokkabønner i mørket




Ja tru det eller ei. Det er det det går i her no. MOKKABØNNER av alle ting....Kva anna skal ein liksom stappa i seg når søvnen er eit forsvunne handlingsmønster?
Har no vel lagt meg i kveld som alle andre kveldar.....har vel stått opp att og som mange andre kveldar. No er klokka 00.39. Mokkabønner smakar eigentleg ikkje godt på denne tida, men dei hjelper som trøst.

Spørs om eg skulle starta med rødvin i åttetida om kvelden. Kjenner folk som gjer det og dei seier at søvn ikkje er problem.....
Rødvin er liksom mest til god mat eller til festbruk så det er lite aktuelt for meg. Kor hadde det tatt seg ut med mokkabønner og rødvin forresten? Hadde det vore bra?

Nei mokkabønner får halda. Livvidda er vel truleg 20 cm meir i morgon. Men kva gjer det? Er så vid på midten frå før at det gjer vel ikkje noko. ....I morgon skal eg ha meg en tur på tredemølla har eg bestemt meg for......I alle fall no har eg bestemt det...Eg tek meg ei bønne til....

Har hatt ho giftesjuke i Gjøvik på tråden i kveld. Skikkeleg koseleg å snakka med. Men vit det Siri: Eg saknar deg. Skal bli flott å sjå deg på kyrkjegolvet.....grin ein skvett eg då....Blir så forferdeleg rørt når det er fine saker på gang.....

Jobba saman med lærarane frå ungdomsskulen i Norheimsund i dag. Dette er spanande og blir sikkert bra. Ny skule, nye kollega, nye elevar , nye reglar ....alt nytt liksom. Men me kvemmingar er no eingong slik at me synes omstillingar er skummelt.....Trur ikkje det er så skummelt eg....trur det blir flott når me har kome i gang. Gled deg til å koma heim att Siri.

Æsj....eg blir kvalm av bønner...MOKKABØNNER....kva skulle eg kjøpa dei for? Skulle ha dei viss eg fekk besøk. Fekk ikkje besøk i dag.....fekk søvnvanskar i staden......Søvnbønner kanskje? Eg trur dei hjelper...
Får ta turen i bingen att og sjå kor det tar seg ut...

mandag 20. april 2009

01.11 igjen! Hulahei eg er vaken!

Kva er dette for slags tull? Nettene skal vel brukast til soving har eg vorte opplært til....Kva slag opplæring er det eg har med meg ? Funkar i alle fall ikkje



her ....Hulahei! Eg er vaken! Eg er aldeles fullstendig klar over at no skulle eg vore under den fantastiske dundyna med for denne veka blålig krepptrekk på.....men eg er ikkje der...nei for eg er her...her påkjøkkenet med mitt rosa lille vidunder som eg kjøpte for ei tid tilbake.


Eg har til og med rota meg til å røykt under ventilatoren på kjøkkenet no midt på svarte natta.....er greitt for skummelt å gå ut. Det er ulovleg det! Å herrens fred! Eg sit her i svarte natta , skulle sove , men er rett og slett ulydig og driv med ulovlege ting.....Godt det er meg sjølv som er både den lovgjevande, den dømmande og den utøvande makt......Blir nok ikkje rare straffa...Kanskje straffa rett og slett er her ....kanskje det er difor eg ikkje får sova...??? Nei no vasar eg godt.




I kveld har eg sett på dei som har den 6.sans.....Hmf...Merksnodige saker...lurer dei oss med programmet sitt eller er rett og slett desse typane slik? Kven veit.

Kanskje dei kunne funne nøklane mine. Eg har mista hanka mi, med tre minnepennar og viktige nøklar...Ein ting er sikkert: Her i huset er dei ikkje. Du skulle ikkje vore ein av dei som tilfeldigvis har den 6.sans og kan fortelja meg kor dei er? Prøv då! Eg skal prøva sova att no, for 2.gong i kveld....tru om det blir tredje og?

Helsar forresten til dei giftesjuke høgtlesarane i Gjøvik.

fredag 10. april 2009

Påsketur

Ferie seddu! Turing då! No har eg vore på opp til fleire turar i ferien. Palmehelga var Fedje målet og me hadde det kanon! Fedje er ein nydeleg stad. Her er hytta me leigde.

Vel heimkomen frå perla ved havet, ja, så pakka eg i snippen att og reiste på hytta vår.
Hyttetur er flott i påsken, Skia har me rett og slett lagt på hylla no, er lei av ski. Dessutan er Kvamskoen full av hektiske bergenserar som skal nikosa seg og nibruna seg i påsken....Forferdeleg panisk og hektisk spør du meg. Nei då er det heller kos å reisa på hytta ved sjøen. Me fiska. Fekk ikkje den heilt store , men nokre flotte paler og ei hysa som me vaska og reinsa etter alle kunstens reglar. Fisken sette me av i Tørvikbygd på veg heim. Håpar dei får ein god middag.




Dessutan klarte me å leggja att 4 tusen kroner på Våge. Kjekk frisør og grei klebutikk der ute , seddu. Yngstemann fekk fornya seg frå topp til tå.
Resten av påsken skal vera heimekos for ho mor. Ungdomen skal på LAN. Kanskje Naboen pub lokkar.....kjenner faktisk at det nippar litt i skrotten. Skulle vel ha fjasa meg til i kveld og hatt meg ein tur ut. ......Nåja....me får sjå.