mandag 11. april 2011

Venting

Venting er ein syssel. Jaja....syssel og syssel.....for meg er venting ein slags konstant normaltilstand. Har du nokon gong tenkt på kor mykje tid som går til venting? Kor mange gonger om dagen du eigentleg er i ventemodus, eller at du ventar, berre at du driv tida med noko heilt anna, berre for å få det til å gå framover, eller for å avleda tankane dine? Gubbevaremegvel kor eg ventar!


Kvifor ventar eg så fælt då? Er eg meir utålmodig enn andre folk? OK, eg er kjent for å vera det som me kallar brå. Javel! Så er eg brå då!. Kva tener eg på det? Tid kanskje? Tid har me nok av seier ein, men det er slett ikkje sikkert! Dessutan brukar eg tid på venting og? Søren! Tapar eg tid på det kanskje? Hm......Dette må eg fundera på.


Tida går seinare dersom ein ventar, seier mange. Ja, mogleg det! Men samstundes er det slik at dersom eg ventar og ventar på noko, så hiv eg meg rundt og gjer ein heil del anna , akkurat for å slå ventetida i hel. Der sparer eg tid, ikkje sant? Får gjort mykje medan eg er i ventemodus eg. Lurer berre på om eg hadde fått gjort meir eller mindre dersom eg ikkje brukte energi på venting.....men venting er tankar som ikkje kan styrast har eg funne ut. Brått er dei berre der og kastar du dei ut av toppkula, ja, så kan du vera sikker på at dei er der att om litt.....nei dei ventar ikkje....ventetankane altså....


Kva ventar eg på då? Ågubbevaremegvel...det er mykje...eg vil no ikkje fortelja alt her. Om de ikkje trur at eg er gal i hovudet ved å lesa venteinnlegget mitt, så trur de det i alle fall dersom eg skriv alle ventetankane mine her....men i dag ventar eg mellom anna på at onsdag denne veka skal koma , og onsdag neste veke òg. Onsdag skulle absolutt vore før i dag , og neste onsdag skulle vore i morgon. Og sånn går nu dagan!

Gal ? Javel! Du får meina det du då! Du kan jo prøva å venta på at eg skal bli normal :-) Så kan du kosa deg med ventebiletet mitt i mellomtida....:-))