fredag 12. desember 2008

Fredagkveld...freddan...




Fredagkveld...syster mi har burdag i dag



Eg har vore ute på handel. Fått gjort ein masse ærend og brukt mykje peng. Ho fekk ei flott lykt.






Peng ja,, i dag er det lønning. Jau skulle tru eg treng det no.....dei får bein å gå på i slike tider.



Pinnakjøtet er kome i hus. Eg stressar med å få tak i brake. Ingen kan hjelpa meg. Eg berre MÅ ha brake som juletre. Og det er ikkje enkelt. Skal vera 2 m høg brake, slank og tett. ....Nei folkens ...det er ikkje mann eg snakkar om. Det er brake eg treng. Kan du hjelpa meg kanskje?






Lurer på om eg skulle vore ein tur på naboen i kveld? Bjørn Fure og dottera Carina spelar og syng. Er flinke dei....Neei får halda meg ved roret her og få gjort noko meir fornuftig med eksamensførebuing.






Alt eg rotar meg til med altså... Synes det er så jysla kjekt og melder meg opp. Er ferdig med utdanning men likevel....jau lærarane bør vidareutdanna seg heiter det...det held eg på med ja.



Digital læring i skulen.....faktisk svært så interessant og eg har lært mykje nytt.






Tankane flagrar fort her....Skulle ha lagt pizza no....Nei søren hell - Da e`fø seint. Blir jo feit då..




No skal eg skjerpa meg og gjera noko fornuftig. Helsar alle kjente og ukjente og dei som vil verta bekjente

Her prøver eg ut.....


Skal etter kvart jobba litt meir med dette, men nett no er eg opptatt med eksamensførebuing. Stikk innom att seinare og sjå om det har skjedd noko.