Jau altså Ålvik teaterlag er i aller høgste grad oppe og går att. Lise Dahle har tromma saman fleire gode sko
despelarspirer og sett opp eit teaterstykke - ein slags humoristisk farse, der det er mange forviklingar.
Eg var inne og gav dei nokre tips her ein kveld i sist veke så eg har smugkikka. Kan berre sei at det absolutt vert anbefala å ta turen i morgon, fredag 24. april. Då er det absolutt siste høve å sjå dei i aksjon. Premiæren har vore i dag og har vore svært vellukka står det å lesa....

Det trur eg så gjerne. Eg gledar meg til i morgon. Ta turen du og. Kostar 100 kroner og det er pubkveld etterpå. Er ikkje det stas då? Folk i Ålvik er ein fantastisk rase....ein flott gjeng i eit lite bygdesamfunn. Vel er det kanskje slik i så små bygder at om du kjøper ein del biff på b
utikken så veit alle det og lurer på kven du skal ha på besøk....HeheNei det er ikkje slik.......Eg har jobba i Ålvik i 9 år av mine.......ja , nei det vil eg no ikkje sei, men poenget er at 9 år er mykje. Ein kjenner folka litt då. Eg stortrives i Ålvik med
alle framtoningane der og til deg vil eg sei. Om du har ørlitegranne interesse for teater....er litt forviten på ålviksamfunnet eller rett og slett ikkje veit heilt kva du skal ta deg til fredag kveld så ta turen. Det heile startar klokka 19.30.Nett no starta eg vist med....nett no skal eg gje meg med mitt forhold til tastaturet og rett og slett riva meg laus frå inspirasjonen, tastane, den blanke skjermen og heller finna røynda....sein kveld klar for bingen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar