onsdag 22. april 2009

Mokkabønner i mørket




Ja tru det eller ei. Det er det det går i her no. MOKKABØNNER av alle ting....Kva anna skal ein liksom stappa i seg når søvnen er eit forsvunne handlingsmønster?
Har no vel lagt meg i kveld som alle andre kveldar.....har vel stått opp att og som mange andre kveldar. No er klokka 00.39. Mokkabønner smakar eigentleg ikkje godt på denne tida, men dei hjelper som trøst.

Spørs om eg skulle starta med rødvin i åttetida om kvelden. Kjenner folk som gjer det og dei seier at søvn ikkje er problem.....
Rødvin er liksom mest til god mat eller til festbruk så det er lite aktuelt for meg. Kor hadde det tatt seg ut med mokkabønner og rødvin forresten? Hadde det vore bra?

Nei mokkabønner får halda. Livvidda er vel truleg 20 cm meir i morgon. Men kva gjer det? Er så vid på midten frå før at det gjer vel ikkje noko. ....I morgon skal eg ha meg en tur på tredemølla har eg bestemt meg for......I alle fall no har eg bestemt det...Eg tek meg ei bønne til....

Har hatt ho giftesjuke i Gjøvik på tråden i kveld. Skikkeleg koseleg å snakka med. Men vit det Siri: Eg saknar deg. Skal bli flott å sjå deg på kyrkjegolvet.....grin ein skvett eg då....Blir så forferdeleg rørt når det er fine saker på gang.....

Jobba saman med lærarane frå ungdomsskulen i Norheimsund i dag. Dette er spanande og blir sikkert bra. Ny skule, nye kollega, nye elevar , nye reglar ....alt nytt liksom. Men me kvemmingar er no eingong slik at me synes omstillingar er skummelt.....Trur ikkje det er så skummelt eg....trur det blir flott når me har kome i gang. Gled deg til å koma heim att Siri.

Æsj....eg blir kvalm av bønner...MOKKABØNNER....kva skulle eg kjøpa dei for? Skulle ha dei viss eg fekk besøk. Fekk ikkje besøk i dag.....fekk søvnvanskar i staden......Søvnbønner kanskje? Eg trur dei hjelper...
Får ta turen i bingen att og sjå kor det tar seg ut...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar