søndag 5. april 2009

REVY - Full i F....(edje)

No har søndagen kome og eg har landa i min overmøblerte heim i Norheimsund. Denne helga har eg vore på Fedje for å sjå revyen deira. Fantastiske dagar på ei fantastisk øy med trivelege folk, merkelege folk, løgne folk og dei som med vitande vilje gjer seg løgne.



Revyen på lørdagskvelden var god. Me kjenner revyfolka der ute i havgapet og gledde oss sinnsjukt til å få med oss godtet deira og vart ikkje skuffa. Me gapskratta, humra, kosa oss og flirde i takt med øybefolkninga då programmet gjekk på scenen. Her er nokre bilete som eg har saksa frå Trond Ågotnes sine facebooksider. Trond er medlem i revyen og er han til venstre på biletet om Heimefyllesjukepleien...ein riktig god sketsj.


Trond Ågotnes og Ørjan Borge

Nytt for oss denne gongen var at revyen vart spela i den nye fleirbrukshallen.( Me fekk ikkje med oss revyen i fjor)
Ketil Tømmerbakk

Dette fungerte godt. Dansen etterpå var like vellukka. Gratulera til alle på Fedje med vel gjennomført revy.Synd at dei får vist det berre ein gong når dei har lagt ned så mykje arbeid i skriving og øving. Me kjem nok att neste år og for å få med oss neste revy.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar