fredag 8. mai 2009

Natteravn..eller kva eg no er....Kråke kanskje

Eit eller anna er det i alle fall. Her er eg på ny....nok ei natt....Kjekt med netter ...skal liksom sova då. Kva skal me sova for når me kan vera dønn vaken. Lakenskrekken er konstant viser det seg. Diagnose: Konstant lakenskrekk med svimling dagen derpå som følge..... Jau ho har vel da!

Vel fortare enn eg anar har eg prøvd senga, tørna rundt eks antal gonger i senga, prøvd alle sovestillingar,irritasjonen stig proposjonalt med farten på tørninga. Det heile munnar ut i eit høgt Åååååå og dermed er beina på golvet att. Golvet er iskaldt for glaset står ope. På med strikkalabb og varmejakke. Vegen er kort ned til kjøkkenet og her står mitt lille rosa vidunder. Eg loggar på og her er eg.
Tek meg eit glas vatn....to glas vatn...skulle tatt conjakk..det hadde gjort susen, men heldigvis er eg godt oppdregen og held meg unna. Er jo jobb i morgon tidleg må vita. Skal vera skinande og blid , ikkje surren og gusten.

Nei ei spire til natteravn er det nok i meg. ..Kråke kanskje....Går mykje i svart...likar å masa...men kven skal eg masa med i natta? Eg masar med mine eigne tankar og eit koseleg kvitt tastatur....

Det slår meg no, i slike stunder, at eg kanskje skulle hatt ein partnar eg kunne irrritera med å vekkja opp. Kan ikkje få ungane mine på beina no for å prata...Lovleg seint vil eg tru. Kanskje eg hadde fått det offentlege på døra då....ja om eg drog ungane opp etter 00.00 om natta for å slå av ein aldri så liten prat, meiner eg. Tanken freistar........

Nei no tenkjer eg på Siri og giftinga. Har rett og slett rive i ny kjole. Bestilt spesialsydd til meg... Kor tar ho dei frå? Pengane vel! Jau ho er lærar og tener så godt...dessutan har ho så mykje ferie seddu... Skal bli ei flott kråka i kjolen min eg. I kjolen kan eg dansa gjennom natta......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar