torsdag 14. mai 2009

Du verden!


Vinden bles sønna og vinden bles norda.......Føler det slik i dag. Nydeleg vær ute, men du verden kor det bles. Bles rundt meg på fleire kantar i dag. ....

Eksamen....måtte vera ferdig til kl to. Var ferdig noko før eg, men du for eit styr. Knasta og tasta , pusta og pesa, bladde og leita, digitaliserte meg på nettet med all slag verktøy.......og på den kvite skjermen auka det på med svarte bokstavteikn. Tru om det var fornuftig? Det var sikkert det. Vil visa se om nokre veker når resultatet kjem. Viss ikkje har dei ikkje forstått kor flink eg eigentleg er! :-))

Ute skein sola..trea låg nesten skinflate den eine vegen , så den andre. Det flaksa og klaksa i presenningen over veden min. Hannkatten Kastratus for ut og inn liksom for å terga meg som måtte sitja her med tastaturet. Han har ikkje hatt tid å eta maten sin ein gong, i dag, slik som han held på.

Eg held på eg og! Held på med alt samstundes. men du verden! No er eg ferdig! No skal eg liksom rigga meg til...sit her eigentleg i ventemodus mot det som eg i utgangspunktet ikkje taklar. Grand Prix!

I dag er det semifinale berre så mykje eg får "gådd meg opp" før laurdagskvelden då det verkeleg gjeld. Alexander Rybak var heime hos hovuddommaren i Moskva og drakk vodka stod det å lesa i går.....Kva då viss han vinn? Folk vil ikkje godta det og kalla det fusk. Sann mine ord. Nei, veit ikkje eg om eg tåler å sjå dette. Enten så ryk han no i semifinalen fordi Synnøve Svabø lokka den stakkars ungdomen ut i elendet, eller så vinn han heile suppa......men då kjem klagane skal du sjå.

Ikkje hadde dei vodka i glasa heller, sa dei. Kva skulle no ho der Synnøve rota det til for? Halvgammal jåla som dreg ungdomen ut i .............ja! Han skal liksom vera avhaldsmann, Rybakken. Fint det viss Europa trur på det. Skal i alle fall ikkje eg vera viss dette blir rot og elende av.....

De forstår eg har mykje på meg. Eksamen og semifinale i Grand Prix på same dag. Du verden!
Men ein ting er sikkert: Enten så vinn han , eller så vinn han ikkje! :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar