søndag 22. februar 2009

MED UNGDOM I HUSET......




Her sit eg, klokka er 02,00. Har site lenge, ganske lenge. Og det er ikkje fyrste gong.
Eg er vaksen, ganske vaksen. Er ikkje fødd i går
Når du blir vaksen kjem uroa for andre. Ho melder seg som ein snikande, krypande, ekkel følelse.
Kvar startar ho? Trur ho startar gryande ein plass i margen i det ungdommen presenterer at dei skal ut.Timane går og uroa forplantar seg rundt i kroppen, frå eine anatomiske delen til den andre. Til sutt endar det med at heile fysikken er elendig, og trøttleiken? Trøttleiken heng som eit tungt lok over deg. Men leggja seg? Nei, ein ventar på beskjed. Aller helst meldinga om at no vil eg hentast.

Eg ser på telefonen. Virkar han ikkje? Kvifor kjem det inga melding? Eg blir sein. Tre heilt enkle ord på ein mobil skjerm hadde vore noko. Nei. Stille som i grava. Ikkje det at eg har vore i grava, men det er no ein gong slik ein skildrar det. Held det fram slik kjem eg der kanskje raskare enn eg anar.

Eg er vaksen. Burde kanskje ta til vit og gå til sengs. Er ikkje lett det. Er rett og slett ikkje aktuelt med ein slik uro i kroppen. Kva er vitsen? Leggja seg ned ein plass det liksom skal vera koseleg varmt og godt. Uroa lagar elende. Liksom herjer rundt i det mjuke området på 180x200cm, Kroppen ligg fleire centimeter over madrassa og dyna vert snudd, ikkje berre ein gong men sju. Nervesystemet står på høgkant. Kjennes ut som piggtrå i musklaturen, Uroa har fått overtak.

Kvifor? Kvifor ikkje bruka fornuften? Henta han fram frå ein eller annan stad i kroppen og berre snika han forbi piggtråden.Det går jo bra dei aller fleste gongar. Og ungdomane her hjå meg har alltid vore roleg kjekk ungdom. Ja, kanskje det er det som er rota til det heile?

Eg er vaksen og vaksne har erfaringar. Uroa mi baserer seg ikkje på dårleg erfaring med dei unge i huset sin veremåte, kanskje heller min eigen ungdom. Hm...eg blir nesten endå meir uroleg. Kva gjorde eg då eg ikkje gav beskjed?
Ein ting er sikkert. Eg vart vaksen, eg vart det eg og, trass alt eg var med på.........Kanskje eg burde prøva å roa piggtråden og leggja meg i 180x200cm mjuk tekstil?

Ungdom i huset....Skal vera ein overgang vert det sagt....jau men jaggu stikk det mange gonger undervegs i den overgangen.

Eg er vaksen, skal vera uroleg. Skal bry meg om og ikkje med. Ungdomen skal oppleva, skal sanka erfaringar og ein gong bli vaksen, vaksen nok til å kjenna piggtråden i nervesystemet og uroa for sine eigne born som skal ut i alle dei spanande situasjonane.
Ein gong i framtida er det dei som har ungdom i huset.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar