søndag 8. februar 2009

Furudalen alpint



Ja så hadde me vore der. Furudalen bada i solskin i dag. 14 eller 15 minus klokka halv ti men det var fantastisk likevel. Var så tidleg på plass at trekket ikkje hadde opna ein gong. I sekken hadde me 8 skiver med brunost og kvitost , kakao, fotoapparat og andre småting som høyrer med på ein tur.
Mor benka seg ned i løypekanten for å nyta sola. Herleg dag!

Eg observerte ny parkeringsplass. Stadig meir folk som kjem til så behovet er der nok. Seinare på dagen var det parkering alle ledige hol. Ikkje berre på plassane oppe ved trekket og nede ved hovudvegen, men og oppetter vegen i grøfta. Jau...det strøymer til og eigarane av Furudalen kan gni seg i hendene over god forteneste. Det fortener dei slik som dei legg til rette for oss brukarar. Dessutan har dei nok sårt bruk for inntekta. Det kom seint i gang i år. Vanlegvis opnar dei 2.juledag, men snøen har jo late venta på seg denne vinteren.

I løypa figurerte mange artige skapningar. Mange "merksnodige" kommentarar og ulike dialektar. Her er alt frå strilar til pene bergensarar, danskar, svenskar, samningar, fusingar osv osv. Nokre er heseblesande forkava over ungar som syt og klagar. Foreldre bannar og pesar. Ungane svarar med skrik og pressar fram tårer. Andre ler, driv ap med kvarandre, forelskar seg og ordnar seg kanskje ein make akkurat denne dagen.

Hjelmar lyser i all slag fargar og fasongar. Fedre kjem med små håpefulle alpintalent i sele nedover medan dei gjev instruksjon undervegs. Ein fin liten gjeng nybyrjarar har meldt seg på skiskule og skal læra å stå på brett. Dei hoppar oppover bakken for å læra å beherska brettet. Instruktøren har nok hatt ein del slike grupper gjennom åra. Brått kjem det ein snømann som viser seg å vera ein stakkar som truleg har fått seg ein ufrivillig tur i laussnøen. Han skammar seg litt og freistar å kosta av seg det verste før han på ny skal inn i køen.

Som naboar i løypekanten har eg godt påkledde bergensarar, ser nesten ut som eskimoar slik dei har kledd seg. Betre føre var....osv. Brått hoppar ein unge nesten tvers over hovudet på meg. Han har kome ut frå skogsløypa. Eg kvepp så kakaoen skvatlar ut av koppen. Helsiken! Kva var det? Føler han sneiar hua mi, men det gjekk visst bra. Farleg å sitja her kanskje? Nei eg heng med ei stund til og ser kor det går.

Etter kvart har kulden snike seg under buksekanten og oppetter beina. Eg kjenner nordavindstrekken i nakken og bestemmer meg for å gå i kafeen for ein kopp kaffi. Flott! Varmt og godt og svette menneske som nyt mat og drikke. Eg observerer kva som skjer rundt meg. Av med hjelmar, tjukke jakker og fiksing av hår...Skikroa er koseleg ho. Kjekk når du vil ha ein pause eller rett og slett berre vil varma deg eller kjøpa noko godt.

Slik er altså livet i Furudalen...Slik var det i fjor, året før og året før det òg. Ja slik var det faktisk den tida eg var 10-12 år òg. Vel var ikkje skikroa det same. Nei, då var det ei varmestove med benkar og ein brusautomat, men som me koste oss der! Me var like svette, men den gongen la me ikkje av oss hjelmen då me kom inn. Nei det var den tida det var ok å veksa opp utan hjelm.
Ta turen til Furudalen du og. Me snakkast kanskje der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar