fredag 6. februar 2009

Kaos i hovudet

Ho har opna innlegg i bloggen. Skal liksom skriva noko hadde ho tenkt. Har på ein måte så mykje på hjarta i dag. Men kvar er orda? Dei er oppe i hovudet ein stad, men farten på dei er enorm. Svirrar liksom, ikkje rundt og rundt ein gong, men i eit slags kaos som ikkje er råd å henta noko ut i frå. Har så mange tankar, så mange inntrykk, så mange betraktningar ho skulle sett på plass.

Sjå føre deg eit symfoniorkester som spelar utan dirigent. Kaos. Dirigenten er borte og det vert ingenting av alle tonane. Dette biletet er frå ei som snakka om ADHD ein gong.




Sikkert eit godt bilete på den diagnosen, men ho har han jo ikkje. Kvifor kaoset då? Kvifor ikkje få ned på skjermen alle tankane og orda? Hjulet går liksom rundt, men hamsteren er død, kan du sei.






Alt heng i hop med skuffelsar, så pass veit ho. Å vilja strekja til men ikkje klara det. Å ha mange ugjorte oppgåver. Oppgåver ein ikkje får gjort no. Å ha ein flott gjeng med ungdomar ein skulle ha undervist om nyrealisme, verdsreligionar og geometri. Unge sjeler som kviar seg for eksamen, som pustar hektisk for å prøva å samla mot til å ein gong gå inn til ein sensor på munnleg eksamen. For fyrste gong faktisk. Aldri prøvd det før. Men kvar er ho som har ansvaret? Jau, akkurat her, i ein overmøblert heim, eit grønmalt hus i nabobygda. Akkurat her framfor skjermen på leit etter ord. Ikkje Sigrid Undset, Oscar Bråten, samsara. karma, tripitaka, hidjab, rettvinkla trekantar eller pi.


Ho rettar norskstilar. Ja, gledar seg over det. Mange gode ord og vendingar, men det er ikkje slik det skal vera.

Deprimert? Nei. ikkje det heller, men rett og slett skuffa over at legen stod på sitt om å sjukemelda vidare. Forståinga er der , ho er ikkje dum, dessutan kjenner kroppen smertene, men det er stoooor forskjell på å vita og vilja.


Det er faktisk utruleg kor lenge ein kan tøya ein strikk. Utruleg kor seig ein faktisk kan vera , viss ein berre vil. Og viljen er der. Strikken har vore seig, ja han har faktisk ikkje slitna endå. Så seig som gammalt bikkjeskinn må vita. "Mårkjen" er eit ord me har i dialekten. Det tyder seig , byrkja å tørka og snart gje seg, men ikkje ratt endå. Rett før. "Mårkjen" e sikkert rette ordet. Ja, snart gje seg , men ikkje nett endå....Det var slik ho har tenkt..i fleire år ..slik ho tenkjer no og.


Så kvifor bli slik? Bli og bli....det var jo ikkje draumen , eller planen. Kanskje fordi hjulet går rundt, men hamsteren er død, eller dirigenten rett og slett er borte. Kjem han att tru? Ja han kjem jo att. Når symfonien ryddar opp i rekkene, legg bort alt anna dei held på med. Liksom tek fram dei riktige notane og gjer seg klar for å spela akkurat den eine melodien som dirigenten skal ha ansvar for.


Åja , ja slik må ho tenkja. Ho må rydda plass i rekkene, leggja ansvaret over på dei rette vedkomande når det gjeld alt anna enn den eine melodien ho skal spela saman med mange unge solistar. Då kan dirigenten koma på den rette staden han skal stå, rydda i papira og sakene sine slik at ein har det eine store nummert og konsentrera seg om. Symfonien skal spela ein nydeleg melodi og solistane få heder og annerkjennelse for sitt eige nummer. Eit nummer ho har førebudd dei til, som dei gjennomfører med glans og som vert sensurert av tilreisande. :-)



Med ro vil strikken atter bli smidig, trekkja seg saman, vera mjuk og klar.
Kan ikkje dragast frå alle kantar seier legen. Kan ikkje ha ansvar for å halda alt i saman. Ein strikk er for eit oppdrag , ikkje fleire store, med ein stakkars tynn liten strikk til å halda alt saman i alle endar. I hardvær blir han "mårkjen"når han vert dregen ut til det maksimale. Kvifor gjer han seg ikkje eller smell tilbake? Strikkar gjer jo ofte det...Nei det har med kvalitet å gjera det vert sagt. Kvaliteten på strikken er svært god han, men strikken er byrja verta gamal, verta mattare og rett og slett litt sliten. No skal strikken få samla seg saman att. Skal få bort all smerten i den tidlegare så smidige musklaturen og for atter, om vel 2 veker, fungera som ny :-


Ho senkar skuldrane. Må på ein måte godta desse tinga som ikkje passar henne heilt. Kaoset i hovudet må leggja seg til ro. Ho treng søvn men slit med stivheit i søvnmønster og kropp. Kanskje kan kaoset setjast fast med den morkne strikken, fast i dirigenten sin stokk. Akkurat denne natta har dirigenten fast tak kring stokken og strikken heng der i ei slags god kvile. Det har ho tru på.:-))

1 kommentar: