onsdag 21. januar 2009

NEI OG NEI....







Her kom vinteren som me skulle hatt før jul! Litt forvirraa i hovudet mitt i dag....Likar eg dette eller ikkje?
Har måtta ut med spade og rå krefter, kjenner då at eg ikkje likar det.

Sit inne med fyr i omnen, radioen på og levande lys. Jau, kjenner då at eg likar det.
Ute på trappa skulle ha meg ein røyk, eg skalv, kjente kulden smaug seg oppunder buksebeina. Eg stivna! Lighteren var blitt så kald at han ville ikkje fyra. Var det no eg skulle slutta med dette tullet, røykinga?

Eg luffa inn att etter ny lighter akkurat så lang tid at hjernen fekk spinna spørsmålet slutta...ikkje slutta...slutta...ikkje slutta rundt nokre gonger. Blir omlag som med prestekrage....elskar, elskar ikkje ,..elskar...medan ein riv av eit og eit blad.

Eg enda på ikkje slutta. Kom det som ei bomba på deg tru?
På vegen ut at tok eg med fotoapparat for det var trass alt litt fint ute og. Biletet ser du ovanfor her. Om eg er redd så langt inn mot skogen? Nei, her er det då så heimekoseleg og flott. Ekkorna piler rundt her, hjorten går på bakken og pinnsvina traskar over tunet til stor glede for hannkatten vår, Kastratus. For ikkje å snakka om alle typar flagrande, fykande og flaksande vesen som fer rundt novene. her er alt frå måke, ørn, kjøttmeis til flaggermus.

Vel...kom meg ut at på trappa og fekk utretta ærendet mitt til glede for tobbakksprodusentane og til sorg for andre.

Snøen ja, byrjar verta tung. Våt no...skal vel over i regna seinare i dag slik som vinteren plar vera her på vestlandet. Eg har i allefall foreviga det på biletet. No skal det lagast komler.!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar