tirsdag 13. januar 2009

Blogging og nettstader ein tysdagkveld


Her sit eg og kjempar på for å halda tunga rett i munnen og orden på ulike bloggsider og nettstader som skal opprettast.
Eg held på med eit studie som heiter digital kompetanse i læring. No var oppgåva å laga seg til med studieblogg der me etter kvart skal leggja ut artikkel med meir.
Du finn studiebloggen min på denne addressa viss du er interessert i å fylgja med. Eg skal snart leggja ut ein artikkel om sosial wegb og læring. http://108groval.blogspot.com
I tillegg har eg laga ein nettstad i Google som eg deler med alle studentane. Vert spanande å sjå kva me skal dela der.
Høyres komplisert ut? Nei eigentleg ikkje. Heldigvis hadde eg byrja å ekprimentera og rota på med blogging før jul. Resultatet er denne sida du sit og les på no.

Eg har ikkje kome så langt med å finna ut alt, men eg er godt på veg og no skal det koma seg noko kraftig ska du sjå. Berre venta nett ør littegranne til.
Eg har mellom anna lurt litt på interessanne prosjekt eg kan leggja ut her slik at de kan fylgja med. Me får sjå....

Elles er det tysdagkveld og tida går med til plikter. Hadde livet vårt vore pliktfritt, hadde det vore bra? Tenk å vassa rundt i kvardagane og ikkje hatt plikter? Nei, det kunne eg ikkje tenkt meg. Alvorleg tala!
Nei .....det beste hadde vore, meiner eg, at me visste kvar i kroppen samvitsstrengen (samvittighetsstrengen) var. Då kunne me rett og slett inn og lobotomert han. Åååå hadde berre det gått an!
Som de sikkert forstår slit eg med dårleg samvit. Det er fordi du er dame vil kanskje noko sei. Javel, ok, eg er hokjønn, men må me alltid ha dårleg samvit for noko då? Er det liksom gitt at me skal vera proppa med dårleg samvit for alt mogleg, berre fordi ein er dame. Ok! Er det slik , ja, då skal eg vera mann i mitt neste liv!

Ikkje misoppfatta meg no! Eg sit ikkje her og syt nei. Eg berre forklarar dykk korleis ei dame sine plager er om dagane. Du trudde kanskje at premenstruelle plager var det verste, eller overgangsalderen. No er ikkje eg der endå så eg kan ikkje heilt uttala meg, men eg trur at samvitet er det verste.

Kanskje er det slik at me har tukla med noko som i utgangspunktet var tenkt annleis? Var det tenkt at me skulle vera heime i huset, ta oss av hus, familie, barn, mann og matlaging? Då er det ikkje mange att av det opprinnelige hovesenet!
Nei me karrierekvinner rotar på med all slags utfordringar, bortimot heile tida, heile døgeret. I tillegg skal me altså ta oss av det som vart ramsa opp ovanfor.
Kor skal dette enda? Vil arten menneske, vesen kvinne, endra seg over tid, at det er det som er i ferd med å skje? Er det difor samvitet mitt ligg og gneg heile tida for noko? Vil det vera forbipasserande, vil det verta utsletta til slutt slik at eg vert kald og kynisk , eller vil det verta ekstra forsterka slik at eg etter kvart kjem meg tilbake der eg høyrer til, å gje omsorg, mykje omsorg til hus, mann (viss eg hadde hatt), barn, familie osv?
Nei kven veit?
I mellomtida rasar eg rundt i min nye, svarte, fantastiske Swift på stadig jakt etter å spara inn ør litegrann tid her og der medan eg skal gjera alt eg faktisk skal!
Ha ein fantastisk tirsdagskveld. Samvitet mitt gneg meg no bort frå PC. Det er trass alt mange andre fornuftige greier eg skal ta meg av i kveld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar