lørdag 30. januar 2010

YES! Eg har fått tak i billettar!


No har eg fått bestilla billett til dette spelet. Det vert spela ute i friluft ved valdres folkemuseum.
Skulle du vera ein av dei som er interessert finn du nettaddressa her: http://www.isfolket.no/


Om spelet

Handlinga
Eg dansar, Hanna, dansar dansen din
For ser du, Hanna, ser du månen skin
Sol av Isfolket er historia om ungjenta Sol og hennar dramatiske liv. Ho er ætling etter den vonde Tengel som ein gong selde sjela si til Satan. Han vart sikra jordisk vinning mot at minst ein i kvart ætteledd skulle få trolldomskrefter og gå i tenest hjå Satan. Sidan den gongen har Isfolket levd eit einsamt liv, hata og frykta av omverda. Heilt til inkvisisjonen tek jarngrep og set landet i brann med heksebål.


I Isfolket sin bortgøymde dal er ingen lenger trygge. Heming fogdedreparen bergar livet ved å tyste på sitt eige folk og sender soldatar dit for å brenne ned heile dalen. Berre ein familie slepp frå det i live.Den gode Tengel er fødd med trolldomskreftene, men kjempar ein hard kamp mot det vonde. Saman med kona Silje og dei tre borna Sol, Liv og Dag, rømer dei frå dalen og finn seg ein ny heim lenger sør i landet. Dei byrjar eit nytt liv, men frykta er alltid med dei.
Sol kjenner tidleg at ho har krafta og dragninga mot dei mørke sidene av livet. Samstundes kjempar ho med nebb og klør for familien sin. Saknet etter den gamle trollkvinna Hanna, som vart drepen av fogden sine soldatar, fylgjer henne som ein skugge. Dette driv henne til å søke hemn over han som overga Isfolket til fogden sine menn. Og Sol søkjer kjærleiken. Ikkje den tamme, menneskelege kjærleiken, men den store, ville og mørke kjærleiken som berre ein mann kan gje henne; Mørkets fyrste.På sabbatsnatta vil eg danse, Hanna Og meistaren skal kysse meg på panna

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar