mandag 25. januar 2010

Tilsyn liksom..............



Eg har jaggu fått varsel om tilsyn. Det har eg ikkje vore vane med sidan for ualminnelig lange tider sidan....det var vel den gongen tidleg på 80-talet då eg budde på internat. Då skulle det førast tilsyn med romrydding og slikt. No skal det altså førast tilsyn hjå meg att....Gul lapp i postkassen...godt det at dei gjev beskjed...og med overskrifta "Varsel om tilsyn"


Aldeles i orden...kva skal eg førebu? Skal eg rydda og vaska slik eg gjorde før tilsyn på 80- talet? Skal eg vaska og ordna meg sjøl? Skal eg sørgja for at det ser ut som eg steller meg sjølv og ungane godt, eller rett og slett om eg kan laga mat, kanskje om eg gjer jobben min?

Lenger nede på lappen står det brått at eldstader og skorsteinar skal vera tilgjengelege. Jau...skulle tru dei var det sidan dei er i bruk i eit hus. ....Men det står ingen plass kva tilsynet går ut på. ....må tru eg veit det likevel, ja, for eg er ikkje fødd i går. Nei eg har faktisk nokre år på baken så eg veit kva det går i. Her skal ein mann, kanskje ukjend og, koma inn i min overmøblerte heim for å nasa i ovnar, skorstein, feieluker, brannslokkingsapparaturar, eventuelle brannslangar, røykvarslarar og sjekka aluminiumsplater rundt luker, ovnar og liknande.



Greitt det....eg har alle desse tinga eg.....her er det på stell skal sei.....Føra tilsyn...kanskje eg skal byrja med det i min jobb og.....føra tilsyn i heimane til folk....sjekka om elevane har forsvarlege rom dei gjer lekser i, om utstyret er godt nok, om det er forsvarleg lys, om dei spelar data i staden for lekser, om dei legg seg tidleg nok, kva hjelp dei får og om nokon ser til at alt vert gjort slik det skal? Kanskje eg rett og slett skal byrja med det. Liksom berre hiva ein tilfeldig lapp i postkassen at eg kjem den og den dato, og rekna med at foreldre i fult arbeid skal halda seg heime den dagen for at eg skal føra tilsynet mitt. Fylgjande varsel om tilsyn kunne gått ut i postkassen:










Varsel om tilsyn

Tilsyn vil verta utført fredag den 26 januar.

Lærar ber om at eigar, eller representant for eigar, er tilstades og sørgjer
for at alle arbeidsplassar, lampar, leksepultar, datamaskiner, hjelparar etc er tilgjengelege.

Hugs å varsle leigebuar!

Dersom tidpunktet ikkje høver eller de har spørsmål om arbeidsplassar, leksearbeid, utstyr m.v

Ring læraren på tlf: 01010101 helst mellom kl 0800 og 0830

Me tek atterhald om at tilsynet kan verta utsett av omsyn til vertilhøva eller utrykning


Ha ein fin dag !

Helsing kontrollørane!





Jau det skulle tatt seg ut!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar