fredag 29. januar 2010

Mykje moro....noko alvor...og litt berre veit ikkje

Hei og hopp alla saman! No har eg bestillt meg plass!!!!!!
Revy er jysla goa greie. Til sommaren skal det atter ein gong vera sommarrevy på Fitjar. Revyen føregår i eit telt i hotellhagen. Etter showet er det allsong og moro. Eg har gjort det til ein tradisjon å reisa. Da e so skoy!!!!!!
I år har eg tinga plass 19 juni. Akkurat den helga skulen sluttar og ferien byrjar. Du skulle vel ikkje vera interessert i å reisa du og? Her er i alle fall nettaddressa til hotellet. Der kan du bestilla http://www.fitjar-fjordhotell.no/

Denne linken som kjem her går rett til plakaten for sommarrevyen. Her er infoen du treng: http://www.fitjar-fjordhotell.no/wp-content/uploads/2010/01/sommerrevy-2010.pdf





Her skjønna du.....e da mange gode kanaljar. Det er Nokas-saka som er utbrodert her. Biletet under her viser "Fitjarbuen" Knallgod type me mange gullkorn. Denne figuren er spela av Ole Bergesen som har vore in av dei mest profilerte i Fitjar teaterlag. Han har vunne fleire prisar på Norsk revyfestival på Høylandet. Mellom anna då han dirigerte bilar inn på ferja etter musikk. Sett den????

Reis då! Ta turen ut der. Når de kjem fram vert de tekne mot som om dei har kjent dykk heile livet. Det er eit fantastisk folkeslag den gjengen i revylaget og på fjordhotellet der ute. ...Sjekk i alle fall linken eg la over her.

Veeel.......................Elles er det rett og slett freddan. Huset er vaska og snart skal lasagnen i ovnen. Må sjå det store korslaget må veta!

Har du tenkt på at du kan kanskje leggja turen innom Sundsvik 41 ein dag? Kanskje har eg kaffi òg? Er ikkje godt å vita...... Kanskje kan me planleggja tur til Fitjar og? Rett og slett ikkje godt å vita det hell. Fasken så lite me eigentleg veit.....Me berre trur me veit......Eg veit for lite om saker og ting som eg skulle visst så uendeleg mykje meir om.....men ein ting veit eg: Eg skal i all fall ta denne turen. Margunntanto skal vera med og....Floko som me kallar ho. Slik frisør ho på Madam Floke frisør. Er ikkje løye ho vert kalla Floko.

Vidare skal me faktisk farta meir i sommar òg. Me skal til Valdres og sjå stykket Sol av Isfolket. Det berre MÅ eg ha med meg i år. Fekk det ikkje til i fjor. Snakkast me der kanskje?

Av og til skulle ein tru at det berre er eg i heile Kvam som er spesielt interessert i teater, show, revy, stand up osv......eg bestiller i svært god tid....ingen andre gjer det.......Neiiiiiiidååååå då skal dei tenkja og lura og veit ikkje osv..... E du interessert so e du interessert! Så sånn e det! Då berre tar ein å bestiller då, og ikkje går rundt og lunkar og lurer og grublar om ein skal eller ikkje skal , eller om ein har råd eller ikkje råd. EIN HAR RÅD VISS EIN VILL! Da e prioritering da heite da . Eg prioriterer i alle fall slike ting. Og guuuuu kor eg gler meg.!!! ....og i september skal eg ut at der på revyfestival faktisk......men no aller fyrst ...då er det Marit Voldsæter i Bergen 12 februar. YES! SÅ SÅNN E DEEEEE!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar