tirsdag 19. januar 2010

Koka egg og lura på da......


Det er akkurat kva eg held på med no. Koka egg klokka ti om kvelden? Kven i all verda gjer slikt? Jau her skal det kokast. Fann rett og slett ut at ein blings og to egg hadde gjort seg.

Kjenner rett og slett at energien byrjar å koma attende. Kvifor? Behandling vel! Eg har vore flittig innom både kiropraktor og massør no i fleire vender. Det hjelper det. Hjelper i alle fall so pass at eg får kokt meg to egg...ja og så eit til gutungen då. Må jo eta han og, må ha mat! Alle heltar må ha mat.

Han er ein av heltane i 10.klasse i år. Flott ungdom som akkurat har avvikla vinterfest. Godt gjort! Ja! Sjå berre her. her har eg saksa nokre bilete som ordføraren har teke.

Så var den festen over! Neste år er det ny gjeng - ny fest.Me gler oss!

Nei no må eg ikkje blogga meg ut i hardkokt egg. Eg vil no ikkje det. Må vera mjuk smidig plomme seddu! Et jo berre plomma eg så difor må eg ha to. Kan henda eg med behandlinga ikkje berre finn energien att? Kanskje og vert mjuk og smidig slik som plomma? "Da sku tatt seg ut!" Då blir ho ikkje enkel ska eg sei.
Plommemjuk. Guuuu da høyres flott ut!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar