søndag 21. oktober 2012

Tida....kor blir det av ho?

Så var endå ei helg snart over. Det går for fort for meg.
 Eg heng nesten ikkje med eg. Snart er det jul!
Korleis i all verda får ein tid til alt ein vil? Kanskje det er meg som har for mange lyster....kven veit?

Denne helga har eg fått med meg Dagfinn Lyngbøshow i Bergen, hotellovernatting, fjelltur, komlemiddag, besøk av god veninne, handling av julepakkar og sjølvsagt noko til meg sjølv også, skulearbeid, vasking av hus med meir, men eg fekk ikkje med meg krabbefesten eg ville på, eller besøkja venner, snakka med interessante folk som eg skulle snakka med, skriva vurderingane eg hadde tenkt, rydda ut ein del ting frå loftet,besøkja dei eg vil tilbringa tid saman med ....ja...dette er berre litt av alt det andre eg hadde lyst å gjere denne helga. Kor blir det av tida?
Eg meiner då vel at eg sparer tid med å gjera mykje fort, men eg sparer jo aldri nok!!

Nei, eg veit korleis det skal bli i mitt neste liv: Haha...då skal eg berre gjere det eg har lyst til i frå A til Å. Såååå sånn skal det bli!!  Haha...

Vel....Det er vel ein viss fare for at det hadde blitt ein strek i rekninga då også...Her sit eg og liksom trur det er så lukurativt å ha det slik at ein kan gjere kva ein vil. Nei....med nærare ettertanke så trur eg nok at det hadde blit svært så stusselig. Ingen hadde bruk for meg, ingen krevde noko frå meg og ingen hadde ynskje om at eg skulle vere der og delta. Berre eg sjølv som hadde lyster som eg skulle fylgja....Nei, det er no beint godt å vita at folk har lyster som inbefattar meg også... Haha...Ikkje tenk koffert no...det var ikkje det eg meinte. :-)

Prioritering heiter det så fint. Det er ikkje snakk om å ikkje ha tid, men det er snakk om kva ein prioriterer. Ja, nei....eg er no ikkje heilt einig då. Sjølv seier eg det alltid: Det er snakk om prioritering.Men eg har no neimen ikkje heilt rett i det.......
Jau, til ein viss grad, men heilt konkret og praktisk så blir det vel omlag slik forklaringa er:

 Dersom eg tenkjer over alt det eg har skrive over her , om helga mi, så er det ikkje nødvendigvis slik at eg prioriterte det eg har gjort....heller at eg byrja ein stad og prøvde febrilsk å rekka over alt eg ville....men med mine uoverkomelige lyster så er det praktisk umogleg å gjennomføra alt. Søren altså!  Eg skulle vore overnaturleg :-) Det skulle tatt seg ut!!!  Du verden!






Vel er eg heks, men overnaturleg. ...Tenk då!
Hm....den der må eg fundera litt på.....
Kanskje eg ikkje skal bli mann i mitt neste liv.....kanskje eg skal bli overnaturleg.....Dei to tinga kan ikkje kombinerast...

Hahaha....no fekk eg terga deko menn litt også. :-) Ha ein fasntastisk kveld folkens! Helsing heksa i Sundsvik :-))))

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar