Skal bli godt å koma seg på god tur med hunden att og i morgon. Me likar turar i skog og fjelllandskap. :-)
Eg må le av den bikkja mi. Av og til er ho knakande god. Ho har fått seg ny venn, Bobby. De skulle berre sett alt ho kjem på for å prøva å lokka han ut i leik med fart, når han berre vil gå og nasa i graset og leita ettr godbitar som matfar har hive ut. Skikkelg matvrak av ein venn ho har funne seg.
Ein stor venn, men ein god venn.
Eg har ikkje funne meg stor venn og god venn endå :-) Haha...Kanskje eg brude bruka litt av hennar metodar. Lokka liksom....og dersom han ikkje bit på så legg eg meg og lurer i graset , liksom kryp framover, Det var då han beit på. Rullar rundt for å vera attraktiv. Au Au Jau, det skulle tatt seg ut du!
Elles...jau dagane og livet rasar på fram. Det var ein del ting eg skulle fått gjort, ting eg skulle fått sagt og ting eg skulle hatt ordna opp i, men ein får ta litt i slengen. Hadde blitt jysla keisamt om ein gjorde alt ferdig på ein dag liksom. Kva skulle ein då finna på i framtida?
No senkar natta seg, høyrer på radiolydane at det er på høg tid at heksa tek kveld. Nattønske startar. Da e natt folkens!
Ta deg tid til ettertanke, ta deg tid til dei som betyr, og ta deg tid til å kvila. Gode råd. God natt alle saman. Love you!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar