onsdag 17. oktober 2012

GÅR DA AN???


Har det nokon gong kjent på frustrasjonen når ting ikkje verkar som det skal?
Nei no altso!
Det er ikkje ofte eg set meg ned for å sjå TV, men det skulle eg i ettermiddag....... Fekk no vel  ikkje TV biletet :-( Eg kom til menyen , kunne velje kanal, og då eg skulle trykkja for valet, ja...nei d...då kom det vel ikkje noko i TV-ruta. Er det ikkje typsik? Og dette betaler eg i dyre dommar for :-)

JA, det er lite eg engasjerer meg i TV, men i kveld skulle ho mor sjå Hotel Cæsar etter gammalt, og så skulle jo Farmen koma....men neiiiidå!

 Eg må jo le i ettertid og lura på kva eg er laga av.
Eigentleg så er det ein bagatell, og eg hadde sikkert tusen andre fornuftige ting eg kunne gjort i staden. Men, nei....då ....då hissa eg meg opp over dette.

 Fyrst prøvde eg vel omlag alle knappane på fjernkontrollane nokre gonger , så prøvde eg å ringje Kvamnet som er leverandør.....

Nei...sjølvsagt ikkje svar der klokka litt over sju om kvelden, løye at eg i heile tatt gidda prøva, eller at ikkje eg kunne vere så rasjonell i hovudet at eg innsåg dei ikkje kom til å ta noko telefon.

Vel...det neste eg prøvde var å dra ut stikkontakten og venta nokre sekund...i tilfelle noko skulle ha låst seg i dei hersens boksane :-)
Irritasjonen var til å ta og føla på. Jau....her SKAL det sjåast TV ....NO!  Så...gamla heiv seg på telefon til eldste son i Bergen.....kunne han forstå dette?
 Neeeiieeee...han visste vel ikkje. Gav meg all slags gode råd som eg visste frå før....og eg hadde no vel for guds skuld prøvd dei...opp til fleire gongar! Den knappen og den knappen...JADÅ!  Exit meg her og Exit meg der! Eg hadde no vel søren meg trykka Exit så fjernkontrollen var heilt varm.

Det mest irriterande var....at han trur jo eg er dum...når han kjem med slike råd :-) Temperaturen steig ytterlegare.


Eg hadde enno ein mulighet......kunne ringa junior, som var på jobb på Europris! Yes!
Eg veit vel at han ikkje skal snakka i telefon når han er på jobb, men det var vel verdt eit forsøk i desperasjonen.

 Trur du han tok telefonen? Nei, sjølvsagt ikkje. Så då fekk eg altså til å hissa meg opp over det også. Eg visste råd og sende melding: Kan du rinjga meg?  Kva trur de svaret vart?
 Eg er på jobb lissom......

Eg veit no vel for svarten det vel! 
Det var då eg gjekk tre rundar i huset....lurte, tenkte...hm....kva då. Eg gjer dralven i hele TV! Drittutstyr!
Så tok eg hunden med meg og reiste til Øystese og gjorde noko ordentleg arbeid i staden. :-)

Ikkje veit eg kva som går føre seg i Hotel Cæsar, og ikkje er eg oppdatert på Farmen, men eg har roa meg ned. Eg har fått gjort viktige ting , og eg har tenkt over kor idiotisk irritert me av og til er. Då filosoferte eg meg fram til at eg trur kanskje eg treng kvila litt. ...Haha....

No trur du kanskje det har tilta for meg...Åneidå! Det har det faktisk ikkje...og ikkje gjer det det heller, for eg har fått gjort fornuftige ting i dag. Eg har vore på jobb, ordna mat til junior som skulle på jobb, vore på teammøte, fjelltur til Krokavatn fekk eg tid til...og så skulle det vere TV...men det vart administrasjonsarbeid for revyen i staden. Og, no sit eg her. Klokka er langt på kveld og eg bør gjere meg klar til litt kviling og søvn. :-)

I morgon er det arbeid att, men .......#%¤/##   pitle....Sundsvik blir stengt og bilen må ut før 07.00 . Flott deeee! Noko å hissa seg opp over att!....og asfalteringa her då...som går så treigt....har vore stengt nærast to veker no for det skal asfalterast....og asfaltarbeidarane....sniglar som berre står og røykjer og stikk av...er her nesten ikkje.... Godt eg ikkje har ein slik mann i hus...hahaha :-))) Sov godt folkens! No skal eg kvila. :-)))

1 kommentar:

  1. Hotel Cæsar er nok ein gong på konkursens rand, Juni har reist for å prøve å fikse dette, Albert er tilbake (sjølvsagt i ny skodespelar-drakt!) Julie har atterkomt til hotellet pga konkursen. Far til Runa(som treng beinmarg), er perfekt match, men blir slått i koma fordi han ikkje vil gje vekk margen sin. Dei tar margen hans, trur eg...

    Farmen: Ein søt stylist har vorten storbonde på gården, etter at ei gammal dame som han hadde god kontakt med, rauk ut i tvekampen, sundag. Den kontroversielle Andreas, (??) imponerte dei andre deltakarane under dåpsfesten då han dansa og var sosial og hyggjeleg. ( han vart og vald til fyrstekjempe)

    SvarSlett