søndag 1. mars 2009

Søndag i ferien


Som eit stort sett normalt menneske med heller sterk lakenskrekk sit eg her og bruker søndagen min i min øvermøblerte heim. Eg sov lenge i dag....Kan du forstå det? Eg sov så lenge at då eg vakna klokka halv ti så lurte eg på om eg var død.


Vanlegvis er eg vaken i mellom 6.oo og 7.oo om morgonen. Slik er det om eg har lagt meg 23.00 eller 05.oo. Så i dag altså....sov eg til halv ti! Er det løye eg trudde eg var død?

Søndagen har gått med til å kjenna seg einsam i heimen. Alle mann alle er reist ein plass og ho mor skulle vera heime aleine i 2-3 dagar. Gledde seg utruleg til det. Gledde seg slik at det var ikkje måte på. Tenka alt eg kunne gjera og ikkje minst alt eg kunne sleppa og gjera. Men kjære vene! Kor går det når ho skal stella aleine heime? Jysla godt det i ca ein time eller to, så blir ho uroleg.


Heldivis hadde eg koseleg besøk i heimen på fredagskvelden. Dagen i går, altså lørdag nytta eg til å lura på i 9 timar og 35 minutt om eg skulle gå ut eller ikkje......Høyres eg sjuk ut? Mulig det, men eg kan beroliga deg med at eg faktisk er heilt frisk.

Eg overdriv kanskje ein smule her, såg jo kunstutstillinga til Tord Torpe i går, dessutan var eg ein tur på Essoen for å kjøpa sjokolade. Klarte vel å trykkja sjokoladen i meg i løpet av ei DVD film som eg kjøpte samstundes. Så var eg kvalm! Fyttigrisen kor koseleg!


I dag, etter eg trudde eg var død, fekk eg skrive ei lita oppgåve eg har fått i studiet mitt. Skulle laga eit blogginnlegg om unges digitale arena. Det kan du lesa på http://108groval.blogspot.com/logspot.com/



Så har eg rett og slett vore til Øystese for å få ein matbite. Ja mat må helten ha for å leva! Kva kjøpte ho då? Kor sunn er eigentleg ho der Gro Valestrand? Av alt som stod på menyen måtte eg sjølvsagt trykkja i meg ein cheesburger i dag...og så med pommezfrites... DA VA GODT!



Er ikkje så ofte eg kjøper slik mat, men ein og annan gongen er det godt.


Så kva gjer eg på no? Sett bort i frå at eg sit her og skriv om alt og ingenting...noko eg faktisk synes er svært så kjekt...det har du vel forstått....så har eg fyrt i peisen. har tenkt å roa meg kraftig ned med ein koseleg film. Hannkatten Kastratus og meg er aleine heime og me skal velta oss rundt i sofaen i min overmøblerte heim.


Eg venta eldstemann heim att i dag.. Han har vore på hyttetur på Kvamskogen. Lurer på om dei har vore utanfor døra?


Kvamskogen er jo eldorado i vinterferien. Kanskje ikkje i dag slik været er, men stort sett så skal det vera flott ja. Bergenserar med kjeften open støtt...dei vrimlar i alle løyper, i alle naders hol der det er høve til å setja seg for litt fred og ro. ...... Noko som faktisk minner meg om eit dikt eg skreiv ein gong eg sat i snøkanten på veg opp til Byrkjeseter eit år. Skal sjå om eg får det inn her no:


UT I DET FRI
Å sitja ute i det fri
Skiløparar rasar forbi
Dei har pulk, dei har ski og stavar
Hundarspring og foreldre kavar
Eg bretter ut matta og set meg ned
I sekken har eg niste , brus og røyken med
Så pakkar eg ut , eg er glad , eg er fri
Denne dagen skal eg nytta ei dyrbar tid
Eg skriv , eg les, eg et av nista
Bakkane og sola lyser mot meg og fristar
Skal eg ski'a på meg spenna?
Eller skal eg berre liggja i sola og brenna?
Kondisen er ikkje på topp
Har vel heller ein slappe kropp
Burde vel kanskje ha trena litt
Berre det ikkje vert allt for stritt....
NEI....Takk til tankane eg held meg her på plassen
Bergensarane og andre tek seg av treninga og trør på gassen.
Ut på tur , alldri sur
Motto for alle mann på ski
UT I DET FRI NYT TIDA DI

Ei helsing til alle som har vinterferie, og til dykk alle som har hatt ferien. Me har vel alle site slik ein gong eller to ute i Guds frie natur. God ferie!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar