fredag 6. mars 2009

Iskald tjuv - i ferien!





Sjø, pale, sild, lyr, torsk og kråkebolle.......ein toppskarv som stjal sild frå garnet ....ikkje berre ei men tre! Bestefar i familien som skreik frå verandaen for å prøva å skremma vekk toppskarven....ser du det føre deg?


Toppskarven er ingen kven som helst idiot av ein fugl...sumde så galant rundt garnet og berre henta ut den maten han ville ha. I det bestefar var på plass i båten og starta motoren...då kniksa skarven litt med hovudet og padla vekk....var langt borte på sjøen og berre betrakta at garnet vart heist opp i båten. Fisken som stod att i garnet bar preg av at skarven hadde prøvd seg......du verden for ein kjeltring! Ikkje løye at besten var opptrekt.

Ein måke utan ein fot, mange av arten, skrikande i flokk: Skal ha skal ha! Svirra rundt hovuda på oss, stupte i fjorden, i det me kastar fiskeslo, og var han rask nok, ja, så tok han gørra i lufta......tjuuup så var det borte....skal ha skal ha! For eit liv!

Toppskarven er frykta, særleg i nord Noreg.....gammal overtru frå nord seier at toppskarven kjem med død og elendighet.......rir toppskarven på bølgene vert det storm og gjerne forlis.....

Luring denne fuglen....ser faktisk litt skummel ut og.... Det raude biletet her viser konturane av ein....trur søren meg det var han som var ved hytta vår i dag tidleg eg.....kven veit.

Det er interessant på hytta. Artige dagar saman med andre frå familien. Vinterferien er snart over og eg har kome heim att til min overmøblerte heim i dag. To dagar att så er eg i gang att....så pass i gang som det let seg gjera.
Hytta ligg att i skumringa og varmen vil gradvis siga ut gjennom panelen. Ho lurer nok på kor tid neste gong vert....det lurer eg og på ......kor tid skal eg få tid att? Snart er våren her, det vil sei han var der.....der ute i Lygrepollen i Fusa kommune har våren kome.


Her inne i vinterland, Norheimsund er me plaga med mykje snø i tettbebygde strok...ikkje bra! Ikkje bra!
Vinteren må berre rett og slett gje seg no......noko kraftig! Berre ta seg saman og forsvinna. Kan vera på Kvamskogen, ikkje her i tettbebygde strok.

Medan eg ventar på våren gjer eg meg klar til jobb på mandag, gjer meg klar til å snart finna bingen og leggja meg for å kvila...eg emd min lakenskrekk....kva er det eg trur?

.Skulle kanskje heller vore i Øystese på noko festeleg saman med venner.....viss dei er det endå....så lite eg tek meg tid til dei... Nei livet mitt skal snart leggjast om.... Eg har tenkt å bruka meir tid på "har lyst ting" og mindre tid på "må ting"......dessutan hadde det av og til vore fint og blitt kynisk.....Ka du trur?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar