søndag 22. mars 2009

Lakenskrekken gjer seg gjeldande




"Da va no eg egentle sku sova fø eg va lagd fø over ein time sio....men du veit!"
Soving er oppskrytt har eg funne ut.

Der står senga, oppe på loftet 180x200 cm med to dundyner og 6 puter, eit varmeteppe og kald god luft i rommet....men var eg klar? Nei det var eg definitivt ikkje!
Lurer på om ho er for stor og rommet for lite, eller er eg for stor, senga for lita og rommet akkurat passeleg? Kanskje er det for kaldt i eit alt for stort rom med alt for mange puter og dyner? Mest truleg er eg akkurat passeleg til ei stor seng i eit pittelite rom med rutete gardiner , 6 puter og to gode dyner. Kva med varmeteppet då? Det er vår. Kanskje skulle det vore hive ut....Ut glaset kanskje, det kunne vore stas...slepp å vaska det då...berre hiva det ut og liksom overlevera det til hannkatten Kastratus. Hadde vorte glad han då.

Nei...eg bloggar litt her i mørket, i ein overmøblert heim i Sundvik. Sit og lurer på kva eg skal jobba med i morgon. Er liksom litt avhengig av jobb eg. Kan ikkje rota vekk tid på avslapping...mykje som skulle vore gjort. Eg held jo på med eit studium som skal skrivast oppgåver....kanskje eg heller skulle skrive noko fornuftig no i staden for dette tøyseriet her på bloggen.

Tenkjer jo på Siri og Olamannen som har høgtlesing frå bloggen min. Dei skal jo ha å gjera på dei og. Bevares kor trøttande det hadde vore der borte på Gjøvik viss ikkje dei hadde hatt høgtlesing frå blogg.....Har jo budd saman eit års tid snart og då må ein jo finna på tidtrøyte....Vel har dei byrja å trena for å verta tynne...det skal vera sagt, og dei er flink....det skal eg og, trur eg.

I morgon tidleg når eg står opp skal eg faktisk gå ein tur rundt vatnet. Liksom få Tandorien som eg knalla i meg i kveld til å bevega seg smidig gjennom systemet. Og no....no skal eg for så vidt sova som eg starta dette innlegget med.

Ville du vore med å starta eit forbund kanskje...?Kva med LSS Lakenskrekkens søstre....Me kunne hatt skipingsmøte i nattens mulm og mørke....Fått på plass eit interimstyre og sett ned vedtekter. ...Du er kanskje ein kandidat? I mellomtida sit eg her og utnemner meg sjølv til formann, styremedlem og skrivar..........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar