mandag 28. mars 2011

Skal eg vera same, indianar eller campingturist?



No, forstår de...har eg kome på det geniale! :-)

No lurer eg på å gå til innkjøp av endå ein lavvo, ein skikkeleg ein, ein med tjukk bommulsduk, ein 12 manns.....

.....Flytta i lavvo til sommaren......bu ute heile året. Eg har jo vedovn til lavvoen, kan ha ein lavvo til soving og skulearbeid, og ein som eg har til kjøkkenavdeling og oppbevaring. Så skal eg ta med meg firmansteltet mitt og bruka til portapottiavdeling. Så genialt!!! Hunden vil truleg elska det òg.

Kan skru ned til 10 grader i huset, eller leiga det ut dersom eg vil ha inntekt......hm...ikkje dumt! :-)

Det einaste som må ordnast er å få eit område eg kan bu på. Eg kan leika indianar på Mo, same på Skålheim eller campingturist nede ved sjøen..... Ein eller annan kan vel lata meg få setja opp desse tre telta.?? Eg vil bu der heile året.

Viss eg riggar meg til i sommar. Lagar til med isopor, skikkeleg madrass , nokre lette møblar, straumkabel til hybelkomfyr og litt lys, og så tek eg med meg vedomnen til sovelavoen. Eg er sikker på at eg kjem til å få det fantastisk. Tenk så flott det er å vakna....reisa på skulen ein time tidlegare, ta morgondusjen der og vera klar med kaffi når dei andre kjem.

Om kveldane kan de henda eg får besøk i lavvoen, for alle er vel forviten på korleis eg har det der. Hunden vil storkosa seg, få tjukk god pels og passa på meg om natta. Problemet er vel kanskje at han gjev hals når reven fer fobi eller ugla set i gang om kvelden.

Dette skal eg seriøst fundera meir på. Trur ein får svært god helse av å bu ute heile året. Det kan ta att for at eg røykjer....blir liksom meir sunn då.....hehe. Kjem du på besøk?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar