lørdag 6. november 2010

KOM! KOM! KOM! KOM!!

Kom og sjå!

Me skal ha ekstraframsyning. Den spanske flue skal visast på scenen i Holmatun att fredag 19.november og søndag 21.november. Begge dagane byrjar det klokka 19.00 og du får kjøpt billett i døra. Det vert ikkje førehandsal denne gongen.


Holmatun slit økonomisk. Det må me prøva å gjera noko med, i alle fall hjelpa til. Dessutan har me fått knallgode tilbakemeldingar, og det var kanonkjekt å spela! Me har jo øvd så mykje. Manuset er på 100 sider så me har hatt å gjort på forstår du.


No skal me passa på å ha replikkane friskt i minne etter ein pause på ein månad. Ja, eg snakkar som Emma Klinke når eg er på badet, når eg legg meg, når eg kjører bil og , ja, stadig. Må hugsa alt. Kan ikkje dumma oss ut no!
Biletet er saksa frå Hordaland folkeblad sine nettsider.


Viss du lurer på korleis det går, synes eg du skal komma i Holmatun ein av desse kveldane. Ta med alle på jobben, ta med familie og venner og kom! KOM! KOM! KOM! (dette biletet er saksa frå nettsida til (Hordaland Folkeblad) hf.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar