
No har eg endeleg gitt ut bok! Spanande!
Dette er ei bok som er svært enkelt skrive. Ho er tenkt til kvardagsbruk, når du har lyst å flira litt, eller når du har lyst å lesa opp att akkurat noko lite inne i ho, som du hugsar at du identifiserte deg med. Boka har små system som høver for både unge , vaksne og gamle.
Men...kanskje du bør fostå ironi når du les enkelte sider i boka.
Verkemiddel ja......
Lyriske verkemiddel er det mindre med....som norsklærar veit eg jo litt om verkemiddel og analysering. Det har aldri vore meininga for denne boka! Ikkje prøv ein gong! Denne boka skal vera enkel, vera morosam, kanskje litt alvorleg , og skal vera ei glede i kvardagen.
Løp og kjøp folkens!
Eg trur på at folk kring i kommunen , og kanskje utanfor kommunen også, vil lika ho.
Vel, eg er sjølvsagt klar over at mange vil synast dette er for dumt, og at slikt ikkje bør utgjevast. Tull!, seier eg.
Me må ha koseleg gledeslesnad for oss vanlege dødlege...hehe
Elles er eg i gang med bok nummer to. Eg trur ho skal heita noko så greitt som Fleire tankar i små system.
Her er eit døme frå den nye boka som enno ikkje har kome i trykk.
Smygar.
Hei du der ute!
Du vetle orm.
Som smyg deg gjennom livet,
tek alle med storm
Lær meg å bli ein smygar,
ein liten slange
Slik eg kan sno meg,
som dei mange
Eg veit om ei småga,
du vetle orm
Eg veit om ei småga,
men der blir det storm.
Klarar du deg i storm,
du vetle slange?
Er det godt å vera orm
mellom dei mange?
Då vil eg bli ein liten orm.
Ein smygar i ei verd
Ein slange på ferd.
Ein som tek alle med storm.