onsdag 24. oktober 2012

Juuhuuuuu!!!

Skal sei! No har tytto fått helsa tilbake og er klar for joobb. To dagar i heimen høyres godt ut, men nei...ikkje når ein må.

Skal bli godt å koma seg på god tur med hunden att og i morgon. Me likar turar i skog og fjelllandskap. :-)
Eg må le av den bikkja mi. Av og til er ho knakande god. Ho har fått seg ny venn, Bobby. De skulle berre sett alt ho kjem på for å prøva å lokka han ut i leik med fart, når han berre vil gå og nasa i graset og leita ettr godbitar som matfar har hive ut. Skikkelg matvrak av ein venn ho har funne seg.
Ein stor venn, men ein god venn.

Eg har ikkje funne meg stor venn og god venn endå :-) Haha...Kanskje eg brude bruka litt av hennar metodar. Lokka liksom....og dersom han ikkje bit på så legg eg meg og lurer i graset , liksom kryp framover, Det var då han beit på. Rullar rundt for å vera attraktiv. Au Au Jau, det skulle tatt seg ut du!

Nei nok tullskriving. Snart er det revy att i Holmatun. Håpar de kjem og ser. I år har me fått med fem nye ungdommar, og dei er så flinke. De vil bli imponert. I tillegg har me nokre av dei gamle ringrevane med, og nye vaksne, folk som har flytta til bygda. Spanade! De må koma.Datoen er 16 - 18. november. Me har mykje løye føre....alt frå absurd humor, lokale ting og meir generelle og nasjonale greier. Noko er greitt berre show!

Elles...jau dagane og livet rasar på fram. Det var ein del ting eg skulle fått gjort, ting eg skulle fått sagt og ting eg skulle hatt ordna opp i, men ein får ta litt i slengen. Hadde blitt jysla keisamt om ein gjorde alt ferdig på ein dag liksom. Kva skulle ein då finna på i framtida?

No senkar natta seg, høyrer på radiolydane at det er på høg tid at heksa tek kveld. Nattønske startar. Da e natt folkens!
Ta deg tid til ettertanke, ta deg tid til dei som betyr, og ta deg tid til å kvila. Gode råd. God natt alle saman. Love you!

søndag 21. oktober 2012

Tida....kor blir det av ho?

Så var endå ei helg snart over. Det går for fort for meg.
 Eg heng nesten ikkje med eg. Snart er det jul!
Korleis i all verda får ein tid til alt ein vil? Kanskje det er meg som har for mange lyster....kven veit?

Denne helga har eg fått med meg Dagfinn Lyngbøshow i Bergen, hotellovernatting, fjelltur, komlemiddag, besøk av god veninne, handling av julepakkar og sjølvsagt noko til meg sjølv også, skulearbeid, vasking av hus med meir, men eg fekk ikkje med meg krabbefesten eg ville på, eller besøkja venner, snakka med interessante folk som eg skulle snakka med, skriva vurderingane eg hadde tenkt, rydda ut ein del ting frå loftet,besøkja dei eg vil tilbringa tid saman med ....ja...dette er berre litt av alt det andre eg hadde lyst å gjere denne helga. Kor blir det av tida?
Eg meiner då vel at eg sparer tid med å gjera mykje fort, men eg sparer jo aldri nok!!

Nei, eg veit korleis det skal bli i mitt neste liv: Haha...då skal eg berre gjere det eg har lyst til i frå A til Å. Såååå sånn skal det bli!!  Haha...

Vel....Det er vel ein viss fare for at det hadde blitt ein strek i rekninga då også...Her sit eg og liksom trur det er så lukurativt å ha det slik at ein kan gjere kva ein vil. Nei....med nærare ettertanke så trur eg nok at det hadde blit svært så stusselig. Ingen hadde bruk for meg, ingen krevde noko frå meg og ingen hadde ynskje om at eg skulle vere der og delta. Berre eg sjølv som hadde lyster som eg skulle fylgja....Nei, det er no beint godt å vita at folk har lyster som inbefattar meg også... Haha...Ikkje tenk koffert no...det var ikkje det eg meinte. :-)

Prioritering heiter det så fint. Det er ikkje snakk om å ikkje ha tid, men det er snakk om kva ein prioriterer. Ja, nei....eg er no ikkje heilt einig då. Sjølv seier eg det alltid: Det er snakk om prioritering.Men eg har no neimen ikkje heilt rett i det.......
Jau, til ein viss grad, men heilt konkret og praktisk så blir det vel omlag slik forklaringa er:

 Dersom eg tenkjer over alt det eg har skrive over her , om helga mi, så er det ikkje nødvendigvis slik at eg prioriterte det eg har gjort....heller at eg byrja ein stad og prøvde febrilsk å rekka over alt eg ville....men med mine uoverkomelige lyster så er det praktisk umogleg å gjennomføra alt. Søren altså!  Eg skulle vore overnaturleg :-) Det skulle tatt seg ut!!!  Du verden!






Vel er eg heks, men overnaturleg. ...Tenk då!
Hm....den der må eg fundera litt på.....
Kanskje eg ikkje skal bli mann i mitt neste liv.....kanskje eg skal bli overnaturleg.....Dei to tinga kan ikkje kombinerast...

Hahaha....no fekk eg terga deko menn litt også. :-) Ha ein fasntastisk kveld folkens! Helsing heksa i Sundsvik :-))))

onsdag 17. oktober 2012

GÅR DA AN???


Har det nokon gong kjent på frustrasjonen når ting ikkje verkar som det skal?
Nei no altso!
Det er ikkje ofte eg set meg ned for å sjå TV, men det skulle eg i ettermiddag....... Fekk no vel  ikkje TV biletet :-( Eg kom til menyen , kunne velje kanal, og då eg skulle trykkja for valet, ja...nei d...då kom det vel ikkje noko i TV-ruta. Er det ikkje typsik? Og dette betaler eg i dyre dommar for :-)

JA, det er lite eg engasjerer meg i TV, men i kveld skulle ho mor sjå Hotel Cæsar etter gammalt, og så skulle jo Farmen koma....men neiiiidå!

 Eg må jo le i ettertid og lura på kva eg er laga av.
Eigentleg så er det ein bagatell, og eg hadde sikkert tusen andre fornuftige ting eg kunne gjort i staden. Men, nei....då ....då hissa eg meg opp over dette.

 Fyrst prøvde eg vel omlag alle knappane på fjernkontrollane nokre gonger , så prøvde eg å ringje Kvamnet som er leverandør.....

Nei...sjølvsagt ikkje svar der klokka litt over sju om kvelden, løye at eg i heile tatt gidda prøva, eller at ikkje eg kunne vere så rasjonell i hovudet at eg innsåg dei ikkje kom til å ta noko telefon.

Vel...det neste eg prøvde var å dra ut stikkontakten og venta nokre sekund...i tilfelle noko skulle ha låst seg i dei hersens boksane :-)
Irritasjonen var til å ta og føla på. Jau....her SKAL det sjåast TV ....NO!  Så...gamla heiv seg på telefon til eldste son i Bergen.....kunne han forstå dette?
 Neeeiieeee...han visste vel ikkje. Gav meg all slags gode råd som eg visste frå før....og eg hadde no vel for guds skuld prøvd dei...opp til fleire gongar! Den knappen og den knappen...JADÅ!  Exit meg her og Exit meg der! Eg hadde no vel søren meg trykka Exit så fjernkontrollen var heilt varm.

Det mest irriterande var....at han trur jo eg er dum...når han kjem med slike råd :-) Temperaturen steig ytterlegare.


Eg hadde enno ein mulighet......kunne ringa junior, som var på jobb på Europris! Yes!
Eg veit vel at han ikkje skal snakka i telefon når han er på jobb, men det var vel verdt eit forsøk i desperasjonen.

 Trur du han tok telefonen? Nei, sjølvsagt ikkje. Så då fekk eg altså til å hissa meg opp over det også. Eg visste råd og sende melding: Kan du rinjga meg?  Kva trur de svaret vart?
 Eg er på jobb lissom......

Eg veit no vel for svarten det vel! 
Det var då eg gjekk tre rundar i huset....lurte, tenkte...hm....kva då. Eg gjer dralven i hele TV! Drittutstyr!
Så tok eg hunden med meg og reiste til Øystese og gjorde noko ordentleg arbeid i staden. :-)

Ikkje veit eg kva som går føre seg i Hotel Cæsar, og ikkje er eg oppdatert på Farmen, men eg har roa meg ned. Eg har fått gjort viktige ting , og eg har tenkt over kor idiotisk irritert me av og til er. Då filosoferte eg meg fram til at eg trur kanskje eg treng kvila litt. ...Haha....

No trur du kanskje det har tilta for meg...Åneidå! Det har det faktisk ikkje...og ikkje gjer det det heller, for eg har fått gjort fornuftige ting i dag. Eg har vore på jobb, ordna mat til junior som skulle på jobb, vore på teammøte, fjelltur til Krokavatn fekk eg tid til...og så skulle det vere TV...men det vart administrasjonsarbeid for revyen i staden. Og, no sit eg her. Klokka er langt på kveld og eg bør gjere meg klar til litt kviling og søvn. :-)

I morgon er det arbeid att, men .......#%¤/##   pitle....Sundsvik blir stengt og bilen må ut før 07.00 . Flott deeee! Noko å hissa seg opp over att!....og asfalteringa her då...som går så treigt....har vore stengt nærast to veker no for det skal asfalterast....og asfaltarbeidarane....sniglar som berre står og røykjer og stikk av...er her nesten ikkje.... Godt eg ikkje har ein slik mann i hus...hahaha :-))) Sov godt folkens! No skal eg kvila. :-)))

tirsdag 16. oktober 2012

Blogging att

No er det jaggu lenge sidan eg har skrive her, trong vel kanskje ein pause. I alle fall er det slik at med mykje å hengje fingrane i , med travle tider og mange ulike vegar som dreg, då er det greit å avreagere med skriving. Har bestemt meg for å byrja med dette att.

Om ikkje nokon les, så gjer det faktisk ikkje noko. Eg har gleda med å skrive, og eg slappar av med skriving. Somme gonger blir det alvorlege innlegg, dei fleste blir sv den lette typen , kanskje litt humoristiske saker, men uansett så er det alltid noko seriøst som ligg bak. Ordene kjem frå ein eller annan stad inne i meg seddu.
Ja! Eg skal definitivt hiva meg på blogging att. Eg kjenner eg er klar, men i og med at det er så seint no, og arbeidet kallar i morgon tidleg, ja, så tenkjer eg at eg byrjar i morgon. Sov godt!