onsdag 7. mars 2012

EIT STORT YNSKJE, Les og sjå om det gjeld deg.

I dag blir det rett og slett eit innlegg med alvorleg preg.
Eg har eit stort ynskje:

Eg skulle ynskja at eg var gud, i det minste ein god engel som kunne landa på skuldrane eller i det mjuke håret til gode folk eg kjenner, både unge og litt vaksnare. Eg kjenner så mange unge menneske som eg ville ha landa på........ Mange av dykk er så unge flotte menneske. Mange slit med så mykje og eg føler meg makteslaus i forsøk på å stilla opp og hjelpa. Dersom eg hadde vore overnaturleg, vore ein gud, ein engel eller rett og slett ei ånd som kunne landa der, berre sige ned , setje føtene forsiktig ned, som eit lite vindpust. Personane skulle sjølvsagt ikkje merka noko. Dei skulle kjenna vindpustet og lura på: Kva var det? Og i den augneblinken så endra livet og tankane deira seg totalt. :-)

Å leva er ikkje lett. Ein kan prøva kven som vil. :-) Men å hjelpa er neimmen ikkje lett det heller, ein kan prøva kven som vil. Som menneske har dei aller fleste mykje godheit i seg. Det har eg og. Eg føler eg boblar over av det av og til. Kva er det for ei kraft dette som er i oss, og kvar kjem ho frå? Kanskje frå den riktige Gud?

Vel......No har ikkje eg vore den ivrigaste kyrkjegjengaren i mitt liv, så eg burde kanskje ikkje følt all denne venleiken mot andre? Jau, det burde eg absolutt! Eg prøver å vera eit god menneske, og meiner vel for det meste at eg er akkurat det.

Det blir berre så fortvilande når ein har unge flotte menneske rundt seg, menneske som slit i kvardagen. Eg prøver å hjelpa , og kan berre håpa at dei ser at eg bryr meg om dei. Kanskje er dei ikkje opne for å ta til seg denne venleiken. Kanskje vert også det for vanskeleg, men eg må prøva. Eg berre må prøva!

Slik er det også med venner og andre som står meg nær. Maktesløysa kjennest som den tyngste børa eg skal bera i livet mitt. Lurer på kva eg gjorde i eventuelle tidlegare liv, som kjenner slik maktesløyse i dette? Kanskje vil du som lesar sei: - Ho har ikkje mykje å bekymra seg for ho der, men det er akkurat det eg har. Å bekymra seg for andre som ein er glad i , folk ein bryr seg om, det er faktisk ganske så vondt. Men eg har det ikkje vondt likevel....ikkje samanlikna med dei eg her skriv om.

Er du ein av dei eg skriv om? I så fall har du lest her og skal vita at eg bryr meg enormt om deg. De er fleire der ute i verda. De kjenner meg og veit sjølv kven de er. :-)

Eg vil læra meg å trylla, eg vil bli ein tryllekunstnar som tryllar bort vonde tankar, vonde handlingar, dårleg samvit , press, krav, vonde draumar, ja, vonde tankar i det heile.

Seinare ein gong i framtida når eg har vorte gammal og pensjonist, ein gong om mange mange år......Når eg ein eller annan dag reiser frå jorda, då vil de oppleva meg som ein engel som landar stille og urørleg på skuldrane dykkar. Kanskje blir eg ein tryllekunstnar i mitt neste liv? Kven veit? I mellomtida veit de at eg gjer alt som står i mi makt for å hjelpa, eg skulle ha plukka månen ned av himmelen, gjeve frå meg det meste eg eig og har, dersom eg kunna gjera ting litt enklare for dei som slit. :-)

I mellomtida gledar eg meg over kvar dag. Me har så mykje me kan utretta. Noko må gå oss imot for at anna skal kjennast godt. Slik er livet. Dersom ikkje noko hadde vore negativt, så kunne heller ikkje noko vore positivt. Sjå lyst på livet! Stjel kvart einaste øyeblikk med glede, og ver glad. Og er du ikkje glad, tenk deg om.....det er alltid noko å vera glad for. Du kan tenkja på at eg bryr meg om deg. ! :-)