søndag 7. august 2011

Lenge sidan - lenge til

Forfeeeerdeleg lenge sidan eg har blogga. Har i mellomtida heldt på med mykje. Har resonert litt kring mitt eige tilvære og funne ut , plassert og arkivert ein del ting. Har også lese litt i media om folk som bloggar, kva som får folk til å driva med slikt og om dei har eit spesielt behov for å bli sett av andre.

Eg trur ikkje det er det som feilar meg. Nei...eg bloggar rett og slett fordi eg alltid har vore belasta med ein slags intesns skrivekløe. Av og til må eg opp att om nettene og skriva. Frisk? Sjuk? Nei ikkje veit eg, men det er altså ikkje for at alle skal sjå meg. Likevel er det sjølvsagt moro å dela det på nettet, eg veit at mange som føl med bloggen min ler godt undervegs. Då har eg jammen oppnådd noko kjekt. Fått andre i godt humør.


Dessutan er det kjekt for ein norsklærar og ikkje alltid vera så formell i skriftleg språk. Her på bloggen kan eg utfalda meg fritt....eg skriv prikkar og strekar utropsteikn og spørsmålstein, så mange eg vil, kvar eg vil - og det er lov.


Til elevane seier eg at dei skal bruka minst mogleg småord, slike som så, som, men, og , jo osv. Her kan eg bruka dei så mykje eg vil. Haha.


Vel lenge sidan eg har blogga. Ja! Kvifor? har rett og slett ikkje vore i modus. Mange ting eg har hatt å tenkja på seddu. Eg tenkjer fælt. Hadde det vore mogleg med hjarteinfarkt i tankane så hadde eg nok hatt det for lenge sidan.:-))


Eg har hatt mange ting å ta stilling til. Det er så lenge sidan ting eg hadde ynskt meg....og det ser ut til å vera endå lenger fram til det, sånn av og til. På den måten så trenar eg til VM i venting kan du sei.


Så har eg i denne tida funne ut kva som er kviktig i livet mitt. Det er for all del ikkje må og burde og slikt. Eg har sortert i tankane, i følelsane og funne ut at dersom eg skal ha det bra, så må det gjerast nokre grep i livet, store grep til og med. Skal helsa mi på plass att så må eg gjera endringar. Eg kan ikkje lenger ta hensyn til alt og alle rundt meg. Eg må rett og slett utretta noko fornuftig for kropp og sjel. Det inneber mellom anna sal av hus.


Sjølvsagt kunne eg hatt det nokre år til ....i tilfelle...kanskje...om atte...ein av gutane ville ha det....men nei, dei veit ikkje kva dei vil, for dei er det nok ikkje så viktig anten det er her eller der dei arvar. Det viktigaste er at me har det godt alle saman.

Det viktige er ikkje at mor slit seg ut i hage og heim. Kva skal eg med 4 stover, 6 soverom og 2 bad? Jau eg kan springa einsam rundt her og opphalda meg litt her , litt der, sova her og sova der, dusja her og dusja der.....men kva er poenget. Eg kan også leiga ut, tena pengar, men pengar gjer meg ikkje lukkeleg når eg arbeider meg halvt i hel for å driva bruket. Nei no skal det bli sal av hus! Såååå sånn e deeeeee!


Lenge til! Lenge til kva? Alt eg ynskjer meg. Ser ikkje ut pr i dag som det blir, men håpet må haldast på. Viss ein gjer opp så har ein jo tapt! Me får sjå. Lukka står den kjekke bi, seiest det. Og alt ordnar seg for snille damer.....Eg er i alle fall snill. Det veit eg. Det synes eg faktisk sjølv også. Kanskje dumsnill er rette ordet. Kanskje neste mål skal vera å bli kynisk og jævlig?? Haha...Jau ho får da nok ikkje te! :-)