onsdag 17. november 2010

DET KJENNEST GODT - JYSLA GODT

TO BARN I VERDEN
To barn i verden.Den ene har latter, lykke og liv.Det andre har tårer, hat og krig.
To barn er glade.Det ene fordi matteprøven gikk lett.Det andre fordi det ble mett.
To barn løper. Den ene fordi skolen er slutt.Den andre for ikke å bli skutt.
To barn gråter. Det ene fordi et skrubbsår blør.Det andre fordi foreldrene dør.
To barn i verden.Den ene er ti. Den andre ble bare ni.
Ukjent forfatter.




I går overførte me (Kvam revyteater) 40.000.- kroner til den norske barneheimen i Guatemala. Sjå bilete og link i innlegget her. Pengane skal brukast til å mala huset, som sårt treng nokre støk. Dei skal leggja nokre fliser også, og me får vita etter kvart kva pengane går til. Alle , altså kvar einaste krone skal brukast til barnas beste. Unn-Lisbet styrer det og me har full tillit til ho. Bli gjerne fadder for barneheimen. Du finn all informasjon du treng her: http://www.casahogarfeliz.no/

lørdag 6. november 2010

KOM! KOM! KOM! KOM!!

Kom og sjå!

Me skal ha ekstraframsyning. Den spanske flue skal visast på scenen i Holmatun att fredag 19.november og søndag 21.november. Begge dagane byrjar det klokka 19.00 og du får kjøpt billett i døra. Det vert ikkje førehandsal denne gongen.


Holmatun slit økonomisk. Det må me prøva å gjera noko med, i alle fall hjelpa til. Dessutan har me fått knallgode tilbakemeldingar, og det var kanonkjekt å spela! Me har jo øvd så mykje. Manuset er på 100 sider så me har hatt å gjort på forstår du.


No skal me passa på å ha replikkane friskt i minne etter ein pause på ein månad. Ja, eg snakkar som Emma Klinke når eg er på badet, når eg legg meg, når eg kjører bil og , ja, stadig. Må hugsa alt. Kan ikkje dumma oss ut no!
Biletet er saksa frå Hordaland folkeblad sine nettsider.


Viss du lurer på korleis det går, synes eg du skal komma i Holmatun ein av desse kveldane. Ta med alle på jobben, ta med familie og venner og kom! KOM! KOM! KOM! (dette biletet er saksa frå nettsida til (Hordaland Folkeblad) hf.no

tirsdag 2. november 2010

KA HAR EG BALT MED?


Eg ser at eg ikkje har blogga sidan 13.mai. Lenge sidan det! Tru kva eg har gjort på, kva eg har vore oppteken med? Livet er travelt må vita.

Trettande mai, herregud! Eg har hatt sommarferie, vore i Vikersund, skifta tak på huset, vore på campingtur, starta jobb att, vore på slektstevne, fått meg hund...jaja fått og fått. ......Jaggu har eg betalt i dyre dommar for det meste eg har skrive her...utanom å starta i jobb då. Men , det kostar pengar det og, når eg tenkjer meg om. Skal liksom ha nytt utstyr av forskjellig sort då,, både bøker, veske, kle og sko.

Hunden ja! På biletet her er han 4,5 mnd. Du verden han har eg vore heldig med. Rett og slett kjøpt meg eit hannkjønn frå Trøndelag, nærare bestemt Orkanger. Og det vil eg sei: Det er ikkje noko kva som helst hannkjønn eg har fått tak i. Nei her snakkar mer skikkelg stamtavle, og frå kennel Quantos som er kåra til beste kennel 28 gongar av 29. Var ikkje klar over det før i går faktisk. Men, kjekt det!
For tida er hunden min beste kompis. Alt det eg ikkje kan fortelja dykk, det fortel eg til hunden.....og eg får altså dei svara eg vil.

Me kursar oss saman går mykje tur, særleg i regn. Og så elskar Hero å dusja, ja, det er Hero han heiter sånn til dagleg. Det flotte namnet hans er Tquila av Quantos.

Hundegård har kome på tunet, hundehus med namn er også på plass. .....og når eg snakkar hus så fyk tankane til mitt eige hus. ...no driv eg med rydding , reinsking og skal gje vekk og kasta. Skal tøma huset mitt.

Elles så har me spela teater i Holmatun ungdomshus i Øystese. Jysla kjekt! faktisk skal me ha to forestillingar til no i november. 19. og 21 november for dei som lurer på det.
Har vore oppteken av vennane mine i denne perioden òg. Nokre tenkjer eg på heile tida, enkelte har vore sjuke, enkelte har forsvunne og nokre nye kjem til. Glad for det. Ikkje glad for sjukdom hjå folk eg er glad i, men me får tru det går godt.
Livet er herleg! Eg overbeviser meg sjølv, for det skal faktisk vera det. Livet...jau...livet mitt...det går opp og det går ned...nokre dagar jysla optimist. Så mykje optimist at det sikkert er ilt for folk å vera i nærleiken...andre dagar ser eg litt mørkare på det, men det er stort sett når vaskemaskina ryk, snøen dalar ned, tyngre arbeid skal gjerast og slike tider.
På arbeid er eg så heldig å ha fantastiske elevar, gode kollegaer og nye vennar. me kosar oss. Eg er så glad i jobben min. Eg er så glad i hunden min! Eg er så glad i familien min! Eg er så glad i bilen min! (men fanken altså...eg berre MÅ få meg råd til Hummerbil i staden) Eg er så glad i turgåing, eg er så glad i vennane mine, i alle fall enkelte av dei og eg er så glad i ........Ja! Det var det for no. No har eg trykt meg ut litt, liksom summert opp livet sidan 13.mai og her er eg igjen.

Eg har altid hatt det best når eg skriv litt. Det liksom renn ut av meg....kanskje det er fordi eg ikkje har så mange å prata med i heimen....ungdommen er jo travelt oppteken. Eg snakkar gjennom tastaturet, anten på blogg,berre i dokument som eg lagrar , eller på facebook. Viss ikkje eg får prata så blir eg sjuk trur eg......hehe.