torsdag 13. mai 2010

NYrevy på Fedje


Så er det atter duka for revy på Fedje! Ta turen folkens! Reis ut og få med dykk eit fantastisk show med fantastiske folk. Eg gler meg!

Revyen vert vist laurdag i pinsehelga. Me er 6 stk som tek avgarde og har leigd oss hus.

Nu er det opp til deg hva du gjør.......men tenk: Tur er kjekt! Vil du leiga deg hus eller anna stad å ovenatta så sjekkar du berre Fedje kommune sine sider. der finn du linkar vidare til overnatting.

Skibidiiiiiii! Snakkast på Fedje!

Jysla goa greie




No har eg handla utstyr att og testa det ut på tunet. Jysla goa greie , seier no eg.


Nei dette vart riktig så flott!...... Og no er eg klar for den store turen...eller store turane. I alle fall kjekke turane.

Lavvo og vedomn. Ja då er eg hjelpen , midtvinters òg. Eg kan leika same på fjellet, hippie på campingplass, indianar i skogen eller nett kva eg vil. Heimesydd samekofte med hue har eg, hippiklede er det ikkje vanskeleg med,,,,,det heng så mykje sært her i skapa mine, og fjører til indianarbruk har eg flust av. Til og med langt hår til flette er eg berika med. Nei, no skal det bli saker folkens! Eg skal ikkje bli enkel ska de sjå!
Har du hug å vera med på tur er det berre å gje ein lyd. Lavvoen er 6-8 manns så her er det plass. Dessutan : Der det er hjerterom er det husrom, eller lavvorom ,,,,eller kva det no var....Jaja. De forstår kva eg meiner.




Gledar meg til å ta fattpå sesongen. Fyrte i omnen her i fleire vender. Det er så varmt og godt og maten kan kokast og steikast oppå. Jyyyyysla gode saker...forstår eigentleg ikkje kvifor eg starta ut med rundbrennar når eg kunne investert i denne med det same. Nei rundbrennar vil eg ikkje ha...fysj og fysj...hehe.