torsdag 14. mai 2009

Du verden!


Vinden bles sønna og vinden bles norda.......Føler det slik i dag. Nydeleg vær ute, men du verden kor det bles. Bles rundt meg på fleire kantar i dag. ....

Eksamen....måtte vera ferdig til kl to. Var ferdig noko før eg, men du for eit styr. Knasta og tasta , pusta og pesa, bladde og leita, digitaliserte meg på nettet med all slag verktøy.......og på den kvite skjermen auka det på med svarte bokstavteikn. Tru om det var fornuftig? Det var sikkert det. Vil visa se om nokre veker når resultatet kjem. Viss ikkje har dei ikkje forstått kor flink eg eigentleg er! :-))

Ute skein sola..trea låg nesten skinflate den eine vegen , så den andre. Det flaksa og klaksa i presenningen over veden min. Hannkatten Kastratus for ut og inn liksom for å terga meg som måtte sitja her med tastaturet. Han har ikkje hatt tid å eta maten sin ein gong, i dag, slik som han held på.

Eg held på eg og! Held på med alt samstundes. men du verden! No er eg ferdig! No skal eg liksom rigga meg til...sit her eigentleg i ventemodus mot det som eg i utgangspunktet ikkje taklar. Grand Prix!

I dag er det semifinale berre så mykje eg får "gådd meg opp" før laurdagskvelden då det verkeleg gjeld. Alexander Rybak var heime hos hovuddommaren i Moskva og drakk vodka stod det å lesa i går.....Kva då viss han vinn? Folk vil ikkje godta det og kalla det fusk. Sann mine ord. Nei, veit ikkje eg om eg tåler å sjå dette. Enten så ryk han no i semifinalen fordi Synnøve Svabø lokka den stakkars ungdomen ut i elendet, eller så vinn han heile suppa......men då kjem klagane skal du sjå.

Ikkje hadde dei vodka i glasa heller, sa dei. Kva skulle no ho der Synnøve rota det til for? Halvgammal jåla som dreg ungdomen ut i .............ja! Han skal liksom vera avhaldsmann, Rybakken. Fint det viss Europa trur på det. Skal i alle fall ikkje eg vera viss dette blir rot og elende av.....

De forstår eg har mykje på meg. Eksamen og semifinale i Grand Prix på same dag. Du verden!
Men ein ting er sikkert: Enten så vinn han , eller så vinn han ikkje! :-)

mandag 11. mai 2009

Både her og både der

Da e no da skjer seddu! Da e gubbevaremegvel eit styr men eit interessant vesen, ska sei
Da skjer både her og både der...."
Konfirmasjonen er ikkje for vel over....har ikkje fått rydda bort rotet, ikkje ete opp restane ein gong....komlene ligg som bly i magen dag etter dag. Men du da e godt! Ja,då e eksamen over meg. På jobben er det eksamen i 10.klassane våre, ogsom om ikkje det var nok med konfirmasjon og eksamen, så skal eg ha eksamen sjølv denne veka......Interessant!

Har ikkje forlite å hengja fingrane i, nei, skulle vel heller hatt dobbelt sett med fingrar. Det hadde blitt flott.! 4 tottar, 4 peikarar, 4 langemenn, 4 gullebrann og 4 lille petter spillemann. Kunne spelt på alle strengane samstundes då.....Kan det for så vidt no og, men då.....Jau då rauk ryggen. Gjekk rett og slett i lås i slutten av arbeidsdagen og då skulle eg ha 5 stk på middag ....Hmf....Gode råd var dyre:
Kiropraktor! Den var grei. 300 kr for 15 min og oppegåande etterpå. Måtte vera bra det. Skal ikkje sitja på nokre dagar. Neivel Ståande eksamen no då! Eg skal stå både her og både der rundt i min overmøblerte heim. Skal bli bra det! Er det ikkje det eine så er det det hitt sa dama.....osv. Kvardagsblogging om eitt og hitt er og bra. Kanskje ikkje for deg som les, men i alle fall for meg som brukar tottane, peikarane, langemenn, gullebrandane og lille petter spillarane til å knasta på på dette kvite tastaturet. Eg kosar meg eg....kosar meg med konfirmasjon, komler, eksamen, kiropraktor og tastatur.Kosar meg både her og både der, både med eitt og med hitt!

fredag 8. mai 2009

Natteravn..eller kva eg no er....Kråke kanskje

Eit eller anna er det i alle fall. Her er eg på ny....nok ei natt....Kjekt med netter ...skal liksom sova då. Kva skal me sova for når me kan vera dønn vaken. Lakenskrekken er konstant viser det seg. Diagnose: Konstant lakenskrekk med svimling dagen derpå som følge..... Jau ho har vel da!

Vel fortare enn eg anar har eg prøvd senga, tørna rundt eks antal gonger i senga, prøvd alle sovestillingar,irritasjonen stig proposjonalt med farten på tørninga. Det heile munnar ut i eit høgt Åååååå og dermed er beina på golvet att. Golvet er iskaldt for glaset står ope. På med strikkalabb og varmejakke. Vegen er kort ned til kjøkkenet og her står mitt lille rosa vidunder. Eg loggar på og her er eg.
Tek meg eit glas vatn....to glas vatn...skulle tatt conjakk..det hadde gjort susen, men heldigvis er eg godt oppdregen og held meg unna. Er jo jobb i morgon tidleg må vita. Skal vera skinande og blid , ikkje surren og gusten.

Nei ei spire til natteravn er det nok i meg. ..Kråke kanskje....Går mykje i svart...likar å masa...men kven skal eg masa med i natta? Eg masar med mine eigne tankar og eit koseleg kvitt tastatur....

Det slår meg no, i slike stunder, at eg kanskje skulle hatt ein partnar eg kunne irrritera med å vekkja opp. Kan ikkje få ungane mine på beina no for å prata...Lovleg seint vil eg tru. Kanskje eg hadde fått det offentlege på døra då....ja om eg drog ungane opp etter 00.00 om natta for å slå av ein aldri så liten prat, meiner eg. Tanken freistar........

Nei no tenkjer eg på Siri og giftinga. Har rett og slett rive i ny kjole. Bestilt spesialsydd til meg... Kor tar ho dei frå? Pengane vel! Jau ho er lærar og tener så godt...dessutan har ho så mykje ferie seddu... Skal bli ei flott kråka i kjolen min eg. I kjolen kan eg dansa gjennom natta......

mandag 4. mai 2009

Venting .................



Venting er og ein syssel..............
I dag har eg venta , venta og venta og det på så ulike greier
Tidleg vaken...så tidleg at eg rett og slett ikkje kunne stå opp ein søndag morgon til den tid....halv sju liksom......kva skulle eg gjort klokka halv sju?
Vel, så måtte eg venta.....venta på å kunna stå opp. Eg vrei meg i senga, bess så eg låg på eine sida , så låg eg på andre sida, og brått var eg på rygg. Kanskje skulle det vera betre å liggja på magen. Kanskje eg hadde fått sove litt meir då?
Før eg viste ordet av det hadde eg prøvd magen, med og utan hendene inn under meg...nei, det var ikkje greitt. På sida att osv....Heldt på å få gnagsår rundt heile kroppen etter som eg prøvde , prøvde og prøvde og kroppen liksom berre skrapa i lakenet same kva. Seng er ikkje godt når ein er vaken.... Herved oppsummert og konstatert!

Ei lang historie kunne vorte lang her, men for å gjera det heile litt kortare så var eg etter kvart kome meg på beina.....jau,........ venta på at andre i huset skulle vakna. Kunne ikkje bråka med noko....venta ..venta ... venta.
Og seinare venta på at eg skulle til mor mi og eta middag. Der måtte me atter venta før me kunne gå i bursdagsselskap til tantebarnet mitt.
Seinare på kvelden venta eg på at klokka skulle verta så mykje at eg skulle vera privat taxi for nokon klokka 20, så venta på å få tatt mål til ein selskapskjole eg skal få sydd.... vent vent vent
Har de nokon gong tenkt over kor mange minuttar og sekundar som går opp i venting på ein dag? Har de svive deg kor mykje du kunne brukt den ventetida til? Tenk alt me kunne gjort!
Skal livet halda fram slik øver me oss kvar einaste dag og ventetreninga held fram dag ut og dag inn og veke ut , veke inn.... Lurer på om eg skal melda meg til VM i venting..... Blir gal av å venta eg....Mange seier eg er brå. Javel! Godt nok det, men så er det i alle fall litt meir action då.
Venting......Liksom det er noko bra syssel! Og no.....no ventar eg på å bli trøtt og klokka er 00.12 dessutan ventar eg på selskapskjolen eg har bestilt. Ventinga ebbar ikkje ut......kjolen kjem i august.....Halloooo?????

Her ser de eit bilete som heiter venting.......Forstår?????

fredag 1. mai 2009

Blues.......... bolle



På pubben er det blues så kva gjer eg her med tastaturet mitt? Må gjerne lura....eg som likar så godt bluesmusikk......av og til må ein ha det keisamt sa mor mi i oppveksten min.....ein kan ikkje alltid få det som ein vil.......livet er ikkje alltid rettferdig.......Høyrt slike svar før? I kveld dukkar dei i alle fall opp i pannelappane mine....liksom henta fram frå ein eller annan fankens plass i hardisken....langtidsminnet......Jau ho har vel da!

Nei eg kosar meg her med tastaturet eg,,, har til og med fått ny venn på Facebook i kveld....noko som får meg til å tenkja fleire år tilbake i tid.....ein venn som eg ikkje visste var så god.....mannleg til og med ....BEVARES!!! Eg som er redd mannfolk!
Tre typar kjenner eg i Sunndalsøra...alle tre er fantastiske folk....gode venner...venner som stiller opp om det er noko.....venner som tok seg av folk dei ikkje kjende.......då kom dei inn under fana fantastiske menneske og gode venner.
Venner ein skjeldan snakkar med, kan gå mange år mellom kvar gong og likevel er det som om det var i går eg snakka med dei......slik er det ikkje med alle på pubben ....på bluesen....Prøver å trøysta meg sjøl.....er jo ikkje der som eg skulle vore....skulle vore ...., ja, nei, eg kan ikkje avsløra her kvar eg aller helst skulle vore...det er i alle fall ikkje på bluesen , men eg måtte hatt stor bil, sterk bil.... Nokon forstår dette....berre greitt heilt greitt.
Slik som dette ser det ut på eit kvitt ark om ein skriv ned tankar som flagrar....lite heimantegådd, fredagskos i overmøblert heim. Rett og slett triveleg....Kva skal eg på pub etter? Kan risikera å dra på seg svineinfluensa kanskje.....eg er plaga med å dra på meg influensa når eg går på pub....best eg er heima. Heima og planleggja konfirmasjon neste helg.....telja egga i kjøleskapet, vega mjølet og sjå til at ingrediensane er der..
Det sender tankane mine til bollane eg skulle laga i dag. Trur du ikkje at eg mista eit heilt brett med ferdig heva bollar på golvet - opp ned- sjølvsagt. I dag vart det vaskepulverbollar med kattahår, tånaglrest og hybelkanin innbakt. Rett i bosset kan du sei!! Berre eit brett vart steikt, berre eit brett bollar å eta opp....godt var for så vidt det. Blir rund av bollar......godt eg ikkje skulle på pub likevel....sikkert for vid på midten til å koma i pub til pub kleda mine....

Nu er det natt. Lurer på kor det er i Qatar ?