mandag 30. mars 2009

Full fart til helga....

Swiften min skal få kjøra seg då...liksom pakka i, spenna oss fast og bånn gass! Turen går mot Vågsbotn, til høgre i rundingen, utover Nordhordaland, liksom graset legg seg i spagat når me fer forbi.
Passerer fengselet, nei for der skal me ikkje....over nokre bruer og så til venstre, og så til høgre att. Derifrå utover utover utover - mot havet- plutseleg passerer me Mongstad og det nærmar seg.
Swiften gjer på alt han maktar med sine 91 Hk, to kvinnfolk og ein masse pakkenellikar i bilen. Kanskje litt mat og, eit fotoapparat, solbriller og anna me har bruk for.

Ferja på Sævrøy rundar inn mellom holmane og legg til kai og to spente tytter er aldeles klar til å manøvrera ombord.

Fedje folkens! Fedje i helga. Gler oss som småungar. Eit fantastisk samfunn på ei nydeleg øy, langt ut mot havet, med mykje vær og god revygjeng som denne helga skla visa den nye revyen sin. Me gler oss.

Plakaten her fortel korleis og kor tid......Og så dans etterpå då. Dessutan har me ikkje vore i den forholdsvis nye fleirbrukshallen deira. Det skal bli show.

Fedje here we come!

søndag 22. mars 2009

Lakenskrekken gjer seg gjeldande




"Da va no eg egentle sku sova fø eg va lagd fø over ein time sio....men du veit!"
Soving er oppskrytt har eg funne ut.

Der står senga, oppe på loftet 180x200 cm med to dundyner og 6 puter, eit varmeteppe og kald god luft i rommet....men var eg klar? Nei det var eg definitivt ikkje!
Lurer på om ho er for stor og rommet for lite, eller er eg for stor, senga for lita og rommet akkurat passeleg? Kanskje er det for kaldt i eit alt for stort rom med alt for mange puter og dyner? Mest truleg er eg akkurat passeleg til ei stor seng i eit pittelite rom med rutete gardiner , 6 puter og to gode dyner. Kva med varmeteppet då? Det er vår. Kanskje skulle det vore hive ut....Ut glaset kanskje, det kunne vore stas...slepp å vaska det då...berre hiva det ut og liksom overlevera det til hannkatten Kastratus. Hadde vorte glad han då.

Nei...eg bloggar litt her i mørket, i ein overmøblert heim i Sundvik. Sit og lurer på kva eg skal jobba med i morgon. Er liksom litt avhengig av jobb eg. Kan ikkje rota vekk tid på avslapping...mykje som skulle vore gjort. Eg held jo på med eit studium som skal skrivast oppgåver....kanskje eg heller skulle skrive noko fornuftig no i staden for dette tøyseriet her på bloggen.

Tenkjer jo på Siri og Olamannen som har høgtlesing frå bloggen min. Dei skal jo ha å gjera på dei og. Bevares kor trøttande det hadde vore der borte på Gjøvik viss ikkje dei hadde hatt høgtlesing frå blogg.....Har jo budd saman eit års tid snart og då må ein jo finna på tidtrøyte....Vel har dei byrja å trena for å verta tynne...det skal vera sagt, og dei er flink....det skal eg og, trur eg.

I morgon tidleg når eg står opp skal eg faktisk gå ein tur rundt vatnet. Liksom få Tandorien som eg knalla i meg i kveld til å bevega seg smidig gjennom systemet. Og no....no skal eg for så vidt sova som eg starta dette innlegget med.

Ville du vore med å starta eit forbund kanskje...?Kva med LSS Lakenskrekkens søstre....Me kunne hatt skipingsmøte i nattens mulm og mørke....Fått på plass eit interimstyre og sett ned vedtekter. ...Du er kanskje ein kandidat? I mellomtida sit eg her og utnemner meg sjølv til formann, styremedlem og skrivar..........

mandag 16. mars 2009

Engasjement


"Koffø e da fotball på TV heile året? Koffø e da nesten aldri pause?"

I går , søndag, jobba eg meg kraftig inn. Sat 12 timar med skulearbeid, rettingar og vurderingar. Var faktisk oppe klokka halv åtte på ein søndagsmorgon.
Det har gjort sitt til at eg i dag har hatt tid til å rusla meg ein tur, tenkte eg skulle benka meg framfor Tv med litt peiskos og greier.....ja nei jau...fotball. Sikkert kjekt det for dei som er ihuga fans, sikkert jysla gode greier å sitja på enden av sofakanten, skrika og stønna for brått å reisa seg med armane til himmels. YES!

Eg har sett på dei. Engasjerte til tusan. Synes det er koseleg eg. Ja, me har forskjellig som engasjerer..... Far min engasjerer seg i hopprenn. På slutten når dei siste hopparane skal utfor, ja, då sit han ytterst på sofakanten og overkroppen lener seg frå høgre til venstre....han liksom føl dei i svevet..... "ja ja ja ja ja ja ....neeeeei......nedturen er hard. Kom ikkje langt nok. Poenga står ikkje til fyrsteplass...Noreg utan gull. Uffdå!
Kva engasjerer meg då så at eg blir ivrig og gløymer meg vekk.....liksom utan hemningar....ensar ikkje folk som er rundt? Nei kva er det tru?

Grand prix seddu! Eg startar alltid roleg i sofakroken. Liksom riggar meg til med gode puter og teppe, noko snop på bordet og ja, dunkel belysning. Må alltid ha nokon som eg kan sjå saman med, elles sit eg der og snakkar høgt med meg sjølv....alle i familien veit kor det tek seg ut....

Etter kvart som dein eine dårlege melodien etter den andre, damer i lite kle, pønkarar og heavy metal band entrar scena...ja så stig temperaturen i ho Gro. Eg formeleg kjenner kor det byrjar å verta uroleg frå nedst og oppover. Så irriterar eg meg på dei som kommenterer på norsk. Det hadde vore mykje betre utan dei. Kunne høyrt på programleiarane der ute ein eller annan plass i verda kor det vert arrangert til kvar ei tid..... Nei no kjenner eg at eg går meg opp att....:-) Ler du?
Er for så vidt greit det. Eg ler enno sjølv og. ....vel ute i pausen byrjar familie å ringja meg berre for å høyra kor eg har gått meg opp.....
Så poenga. Svenskane gjev oss aldri kva me fortener og me gjev dei heile tida 12 poeng. Kan du forstå kvifor? Nei dette kan eg ikkje tenkja meir på no...Hehe.... Grand prix e nærare enn eg trur. I mai ein gong seddu. Då skal det skje.... kanskje det er same helga som eg har konfirmant? Kven veit?
I alle fall i år vinn me anten hopparane eller fotballspelarane hentar gull....ja så vil gullguten Alexander Rybak ta kaka! Tru meg!

Beat for beat og engasjerer. Det er einaste gongen eg står på golvet og ropar eller syng til TV....mange gonger er eg raskare enn kjendisane på TV......Tord Eirik har vore imponert over mor si mange gonger.....No går han i 9.klasse....Spørs om han er så imponert no?

torsdag 12. mars 2009

Digital kompetanse i læring

....er studiet eg held på med som vidareutdanning. det er kjempeinteressant. Følg med studiebloggen min og. Der kan du lesa om saker som angår elevane i skulen i dag, interessann programvare som ligg gratis på nett med meir...stikk innom studiebloggen min!
r.

fredag 6. mars 2009

Iskald tjuv - i ferien!





Sjø, pale, sild, lyr, torsk og kråkebolle.......ein toppskarv som stjal sild frå garnet ....ikkje berre ei men tre! Bestefar i familien som skreik frå verandaen for å prøva å skremma vekk toppskarven....ser du det føre deg?


Toppskarven er ingen kven som helst idiot av ein fugl...sumde så galant rundt garnet og berre henta ut den maten han ville ha. I det bestefar var på plass i båten og starta motoren...då kniksa skarven litt med hovudet og padla vekk....var langt borte på sjøen og berre betrakta at garnet vart heist opp i båten. Fisken som stod att i garnet bar preg av at skarven hadde prøvd seg......du verden for ein kjeltring! Ikkje løye at besten var opptrekt.

Ein måke utan ein fot, mange av arten, skrikande i flokk: Skal ha skal ha! Svirra rundt hovuda på oss, stupte i fjorden, i det me kastar fiskeslo, og var han rask nok, ja, så tok han gørra i lufta......tjuuup så var det borte....skal ha skal ha! For eit liv!

Toppskarven er frykta, særleg i nord Noreg.....gammal overtru frå nord seier at toppskarven kjem med død og elendighet.......rir toppskarven på bølgene vert det storm og gjerne forlis.....

Luring denne fuglen....ser faktisk litt skummel ut og.... Det raude biletet her viser konturane av ein....trur søren meg det var han som var ved hytta vår i dag tidleg eg.....kven veit.

Det er interessant på hytta. Artige dagar saman med andre frå familien. Vinterferien er snart over og eg har kome heim att til min overmøblerte heim i dag. To dagar att så er eg i gang att....så pass i gang som det let seg gjera.
Hytta ligg att i skumringa og varmen vil gradvis siga ut gjennom panelen. Ho lurer nok på kor tid neste gong vert....det lurer eg og på ......kor tid skal eg få tid att? Snart er våren her, det vil sei han var der.....der ute i Lygrepollen i Fusa kommune har våren kome.


Her inne i vinterland, Norheimsund er me plaga med mykje snø i tettbebygde strok...ikkje bra! Ikkje bra!
Vinteren må berre rett og slett gje seg no......noko kraftig! Berre ta seg saman og forsvinna. Kan vera på Kvamskogen, ikkje her i tettbebygde strok.

Medan eg ventar på våren gjer eg meg klar til jobb på mandag, gjer meg klar til å snart finna bingen og leggja meg for å kvila...eg emd min lakenskrekk....kva er det eg trur?

.Skulle kanskje heller vore i Øystese på noko festeleg saman med venner.....viss dei er det endå....så lite eg tek meg tid til dei... Nei livet mitt skal snart leggjast om.... Eg har tenkt å bruka meir tid på "har lyst ting" og mindre tid på "må ting"......dessutan hadde det av og til vore fint og blitt kynisk.....Ka du trur?

søndag 1. mars 2009

Søndag i ferien


Som eit stort sett normalt menneske med heller sterk lakenskrekk sit eg her og bruker søndagen min i min øvermøblerte heim. Eg sov lenge i dag....Kan du forstå det? Eg sov så lenge at då eg vakna klokka halv ti så lurte eg på om eg var død.


Vanlegvis er eg vaken i mellom 6.oo og 7.oo om morgonen. Slik er det om eg har lagt meg 23.00 eller 05.oo. Så i dag altså....sov eg til halv ti! Er det løye eg trudde eg var død?

Søndagen har gått med til å kjenna seg einsam i heimen. Alle mann alle er reist ein plass og ho mor skulle vera heime aleine i 2-3 dagar. Gledde seg utruleg til det. Gledde seg slik at det var ikkje måte på. Tenka alt eg kunne gjera og ikkje minst alt eg kunne sleppa og gjera. Men kjære vene! Kor går det når ho skal stella aleine heime? Jysla godt det i ca ein time eller to, så blir ho uroleg.


Heldivis hadde eg koseleg besøk i heimen på fredagskvelden. Dagen i går, altså lørdag nytta eg til å lura på i 9 timar og 35 minutt om eg skulle gå ut eller ikkje......Høyres eg sjuk ut? Mulig det, men eg kan beroliga deg med at eg faktisk er heilt frisk.

Eg overdriv kanskje ein smule her, såg jo kunstutstillinga til Tord Torpe i går, dessutan var eg ein tur på Essoen for å kjøpa sjokolade. Klarte vel å trykkja sjokoladen i meg i løpet av ei DVD film som eg kjøpte samstundes. Så var eg kvalm! Fyttigrisen kor koseleg!


I dag, etter eg trudde eg var død, fekk eg skrive ei lita oppgåve eg har fått i studiet mitt. Skulle laga eit blogginnlegg om unges digitale arena. Det kan du lesa på http://108groval.blogspot.com/logspot.com/



Så har eg rett og slett vore til Øystese for å få ein matbite. Ja mat må helten ha for å leva! Kva kjøpte ho då? Kor sunn er eigentleg ho der Gro Valestrand? Av alt som stod på menyen måtte eg sjølvsagt trykkja i meg ein cheesburger i dag...og så med pommezfrites... DA VA GODT!



Er ikkje så ofte eg kjøper slik mat, men ein og annan gongen er det godt.


Så kva gjer eg på no? Sett bort i frå at eg sit her og skriv om alt og ingenting...noko eg faktisk synes er svært så kjekt...det har du vel forstått....så har eg fyrt i peisen. har tenkt å roa meg kraftig ned med ein koseleg film. Hannkatten Kastratus og meg er aleine heime og me skal velta oss rundt i sofaen i min overmøblerte heim.


Eg venta eldstemann heim att i dag.. Han har vore på hyttetur på Kvamskogen. Lurer på om dei har vore utanfor døra?


Kvamskogen er jo eldorado i vinterferien. Kanskje ikkje i dag slik været er, men stort sett så skal det vera flott ja. Bergenserar med kjeften open støtt...dei vrimlar i alle løyper, i alle naders hol der det er høve til å setja seg for litt fred og ro. ...... Noko som faktisk minner meg om eit dikt eg skreiv ein gong eg sat i snøkanten på veg opp til Byrkjeseter eit år. Skal sjå om eg får det inn her no:


UT I DET FRI
Å sitja ute i det fri
Skiløparar rasar forbi
Dei har pulk, dei har ski og stavar
Hundarspring og foreldre kavar
Eg bretter ut matta og set meg ned
I sekken har eg niste , brus og røyken med
Så pakkar eg ut , eg er glad , eg er fri
Denne dagen skal eg nytta ei dyrbar tid
Eg skriv , eg les, eg et av nista
Bakkane og sola lyser mot meg og fristar
Skal eg ski'a på meg spenna?
Eller skal eg berre liggja i sola og brenna?
Kondisen er ikkje på topp
Har vel heller ein slappe kropp
Burde vel kanskje ha trena litt
Berre det ikkje vert allt for stritt....
NEI....Takk til tankane eg held meg her på plassen
Bergensarane og andre tek seg av treninga og trør på gassen.
Ut på tur , alldri sur
Motto for alle mann på ski
UT I DET FRI NYT TIDA DI

Ei helsing til alle som har vinterferie, og til dykk alle som har hatt ferien. Me har vel alle site slik ein gong eller to ute i Guds frie natur. God ferie!






LOTTOMILLIONÆR ?????



Lure på om eg e`lottomillionær?


Lure på om eg e`tjukk i peng?


Kanskje eg er lottosær?


Kanskje eg kan strø rundt meg i fleng?


Muligens rik som det?


Muligens gje ein masse bort?


Alt eg då får te`!


Ein kontroll og draumen flaug bort!


FANKEN!




Ka med Jokeren då?


Kan det vera noko å tenkja på?


Skal sei det trengs!


Nei!.....nei nei - eg går te`sengs!


Nok ei veke som normalt økonomisk stabil


men lottomillionær -


EG E`HABIL!