søndag 25. januar 2009

EIN OVERSIKT - DER EG ER STASJONERT



Her er ser du litt av båthamna i Norheimsund. Ja det er ein fin plass. Her har Kvammafolk båtar i all slags prisklassar. Om sommaren er det trebåtfestival i sentrum her. Du kan sjekka desse sidene: http://www.trebaat.no/ der finn du mykje kjekk informasjon og mange gode bilete frå orheimsund og trebåtfestivalen. Ta turen med eller utan båt til Norheimsund

KVELDSDIKT laga 25jan-09



TANKAR
Skulle ynskja..............
Ja hadde det ikkje vore bra?
Tenk om.....................
Ja det hadde vore bra!

Å ynskja det.............
Ja det kjennest bra.
Å tenkja over det...
Tenk å få ha

Livet lurer oss....
Ja kva så?
Me tutlar vidare..
Alltid ein veg å gå.

No! Kjenner me......
Tankar er bra
kan ikkje alt me ve
men du me er glad!

EIT TRE - ELLER TO?
Eit tre
ei grein
ei kvist
eit lite bær
nokre røter
og store blad
men du - kvar er kongla?

BLI MED BLI MED!!!






Palmahelga er det duka for revy på Fedje. Det er fleire gode grunnar til å ta seg ein tur ut i havet akkurat denne helga:

* Sjå revyen sjølvsagt. Mange gode figurar viser seg på scenen. Det er truleg råd for oss utanforsåande å forstå poenga. Dei er flinke å ha med ting som har vore i media, eller andre saker som me kan kjenna oss att i. Revyen og figurane der ute har hausta godord og pris på revyfestival for Vestlandet. Dessutan bur det bygdafolk der ute. Det er verdt turen for Kvemmingar berre for å sjå Are Kåle på scenen.

* Fedje er eit flott øysamfunn med nydeleg natur, jysla imøtekomande og gjestfrie folk og fleire overnattingshøve. Eg har leigd eit hus der ute i palmahelga. Huset har plass til 10 personar. Om du vil bli med så gje meg ein lyd.

* Sjå samfunnet som vart ramma av Serverforliset. No er det rydda og flott att, men du verden kor de såg ut! Me var der ute den aktuelle helga. Eine biletet her viser Tord som fangar olje i eit glas.

* Opplev Noreg ved vestlandskysten. Klimaet er fantastisk! Like fantastisk som folka der ute! Vill og sprudlande men samtidig koseleg og lun.

Ta turen då vel!

fredag 23. januar 2009

Natta er over meg.....men i morgon......



Ja fredag, januar, slutten av januar, snart februar, snart vår, snart hagearbeid, snart sommar...

Tida fyk. - men i morgon - i morgon skal eg byrja eit nytt og betre liv trur eg...

- I morgon skal eg starta dagen heilt annleis enn vanleg - trur eg - dei vanlege startane mine er ikkje så sunne-

- Nei i morgon skal eg starta dagen med ein tur i frisk luft - trur eg

I morgon har eg ein som skal på ski - eg kan ikkje vera med på det, men eg skal gjera heilt noko anna - trur eg

- I morgon skal eg som sagt på tur, ta ein dusj, ta ei skive og få gjort mykje her i mitt lille grønne reir - min overmøblerte heim - ein laurdag - trur eg.

- vaska hus

- retta bøker

-besøkja nokon

-ta ein tur ut om kvelden- trur eg

- heilt til natta er over meg igjen..............




DAGENS DIKT


Dikt av Jan Magnus Bruheim:

" Mangt har du bruk for.
Mykje må røynast,
før dagen er all.

Mangt kan du greie deg utan.
Men utan menneskevarme
blir verdi for kald.

Eit bra revynummer som ein finn på nettet. Gammalt men godt!


Predikanten og Tolken

En besøkende predikant fra USA står på talerstolen på scenen og en noe uerfaren og nervøs tolk står ved siden av ham:

P: My dear friends.
T: Mine dyre venner.

P: Welcome to this honourable house.
T: Velkommen til dette horrible hus.

P: It's a delight to see so many followers here tonight.
T: Det er leit å se så mange fra Follo her i kveld.

P: I have come here tonight to give you a message.
T: Jeg er kommet hit i kveld for å gi dere en massasje.

P: A message that will make you feel warm and calm inside.
T: En massasje som vil få dere til å føle dere varme og kvalme inni
dere.

P: I want you to hold hands and feel his sweet love lift you up.
T: Jeg vil at dere skal holde hender og føle svetten løfte dere opp.

P: Praise be, Praise be.
T: Frisbee. Frisbee.

P: Tonight I want to tell you about a mans call to life.
T: I kveld vil jeg fortelle dere om en mann kalt Leif.

P: He was born i a wooden stable.
T: Han var født i en vedstabel.

P: His father was a carpenter.
T: Hans far var en billakkerer.

P: As a boy he liked to watch his mother in the kitchen.
T: Som gutt likte han å vaske moren sin i kjøkkenet.

P: He played ball with his friends by the little stream.
T: Han spilte fotball med vennene sine i Lillestrøm.

P: Finally a man, he went out in the world to explore there.
T: Til slutt som mann, gikk han ut i verden for å eksplodere.

P: Who was this important man?
T: Hvem var denne impotente mannen?

P: Who went in desert for 40 days?
T: Som ventet på dessert i 40 dager?

P: Who gave us the sun and the moon, the burning wind and sent the
rain to us?
T: Som ga oss solen og månen og brennevin og sendte regningen til
oss?

P: He helped the fishermen when they caught the fish.
T: Han hjalp fiskerne når de ble kåte av fisk.

P: He loved everyone.
T: Han elsket med alle.

P: And Moses followed him.
T: Og musene fulgte ham.

P: Into the valleys.
T: Inn i Valdres.

P: And we too must follow him.
T: Og vi to må følge ham.

P: We must give other the message.
T: Vi må gi andre en massasje.

P: But we must have money, cash to help us.
T: Men vi må ha Johnny Cash til å hjelpe oss.

P: I will send round this collection plate.
T: Jeg vil sende rundt min platekolleksjon.

P: So please give us all your money that you can afford.
T: Så vennligst gi oss alle deres penger til en ny Ford.

P: And may God Bless You All.
T: Og må Gud blåse i dere alle.

torsdag 22. januar 2009

Dagen i dag.....











Dagens betraktningar

I dag då?
Ja, kva med i dag?
Kjøpt meg ny stol til min overmøblerte heim. Hadde nok bruk for han ja! Har fotografert eldstemann som prøvesit. Du vil sjå biletet her. Billig stol men betre enn ein eg hadde før. Så sås så sånn e det
Fritid:
Torsdag i dag og berre ein dag att til det er helg. Ikkje det at eg ventar på helga, eg er sjukemeldt og dagane er for så vidt like alle saman. Kjedeleg med sjukemelding men av og til nødvendig. No, ja , nødvendig!
Studie:
Elles ventar eg enno på eksamenskarakteren min. No er det sagt i morgon ettermiddag så får me tru på det. Eg er spent.Kjenner uroen i kroppen over dommen. Trur i allefall eg heng med og det er det aller viktigaste. Kva viss ikkje? Er eg misslykka då? Nei det er eg så aldeles ikkje. dessutan misslukkast eg ikkje, det er bortimot sikker på.

Jobb:
Eg saknar Siri. Ho var slik ein positiv ressurs og ha rundt seg. Viss du les dette Siri så skal du vita at eg saknar deg! Helsa til Olamannen din. Da e ein kjekke kar!
Jobben på skulen saknar eg og no når eg er sjukemeldt , men driv no og småjobbar herifrå. Må det litt for å halda kontroll og henga med i svingane.
Jobben heime? Jau, me baskar på. Hadde kroppen min fungert slik han skulle så hadde nok ting vore betre. Likevel....me skal ikkje klaga. me har det godt.

Bilen min:
Å du og du kor happy eg er for den nye bilen. Eg er rett og slett fornøygd. Trur de ikkje ei på jobben sa at eg ikkje passa i han for han var for liten til meg. Kva slags tull er det. Ein harry bil til ei harry dama. Da e bra! Skulle sjølvsagt hatt ein Hummer, men det blir seinare når eg har vunne i lotto.

Vennane mine:
Ja det er og eit kapittel.Eg har jo stelt meg slik at eg nesten ikkje har overskot til å ta meg av dei. Hadde meg ein tur innom nokre av dei her på lørdagskvelden. Det var godt! Så viss de les dette folkens, de som var der, så ta til dykk skryt. Det var fint å vera sosial med dykk att. Er ei stund sidan sist. Vel vel..ja eg var berre halvannan time, men eg var , og eg skal koma sterkt tilbake.

Turar:Spatur er liksom det som står på programmet snart. Det gledar eg meg til. Dessutan har eg tenkt meg ein tur til Fedje i palamahelga og sjå revyen der ute i havet. Blir stas! Yngste spole i huset skal på konfirmasjonsleir neste helg. Osterøy er liksom målet. Blir sikkert kjekt.

Kos:
Eg kosar meg innomhuses i vinterkvelden med levande lys, litt data som de ser, litt studie, litt jobb, litt tv, litt husarbeid og ja, det vanlege som sagt.
Lurer på om eg er vampyr sånn eigentleg???? Eg likar ikkje lys, sterkt lys. Difor er her alltid dimma, eg brukar levande lys og har det bra med det. Så har eg nokre få ting som eg liksom berre MÅ ha rundt meg. Mellom anna ørna som de ser bilete av her og eit fyrtårn eg har fått av systra mi. Høyres eg sjuk ut??? Neinei nei...pålegget skal stå i midterste hylle, det er 33 glasruter i huset og dei tel seg ikkje sjølv...He he... Nei tvangstankar har eg ikkje , men nokre ting betyr meir enn andre for meg her i denne overmøblerte heimen. Mellom anna ørna de ser her. Eg kjøpte ho på Hukeligrend.




onsdag 21. januar 2009

NEI OG NEI....







Her kom vinteren som me skulle hatt før jul! Litt forvirraa i hovudet mitt i dag....Likar eg dette eller ikkje?
Har måtta ut med spade og rå krefter, kjenner då at eg ikkje likar det.

Sit inne med fyr i omnen, radioen på og levande lys. Jau, kjenner då at eg likar det.
Ute på trappa skulle ha meg ein røyk, eg skalv, kjente kulden smaug seg oppunder buksebeina. Eg stivna! Lighteren var blitt så kald at han ville ikkje fyra. Var det no eg skulle slutta med dette tullet, røykinga?

Eg luffa inn att etter ny lighter akkurat så lang tid at hjernen fekk spinna spørsmålet slutta...ikkje slutta...slutta...ikkje slutta rundt nokre gonger. Blir omlag som med prestekrage....elskar, elskar ikkje ,..elskar...medan ein riv av eit og eit blad.

Eg enda på ikkje slutta. Kom det som ei bomba på deg tru?
På vegen ut at tok eg med fotoapparat for det var trass alt litt fint ute og. Biletet ser du ovanfor her. Om eg er redd så langt inn mot skogen? Nei, her er det då så heimekoseleg og flott. Ekkorna piler rundt her, hjorten går på bakken og pinnsvina traskar over tunet til stor glede for hannkatten vår, Kastratus. For ikkje å snakka om alle typar flagrande, fykande og flaksande vesen som fer rundt novene. her er alt frå måke, ørn, kjøttmeis til flaggermus.

Vel...kom meg ut at på trappa og fekk utretta ærendet mitt til glede for tobbakksprodusentane og til sorg for andre.

Snøen ja, byrjar verta tung. Våt no...skal vel over i regna seinare i dag slik som vinteren plar vera her på vestlandet. Eg har i allefall foreviga det på biletet. No skal det lagast komler.!

tirsdag 20. januar 2009

TIPS!


Her sit eg inne i varmen. Ute har det byrja å snø. Det får meg til å tenkja på sommar og varme. Kroppen min lengtar etter varmen ,kjenner eg. Likevel om eg er eit menneske som likar alpint, så lengtar eg etter sommaren.

Det fekk meg til å tenkja på turen me var på sist sommar. Då kom eg på at eg må gje dykk lesarar eit tips: Spar litt peng, ta dykk tid og høve til å reisa på cruise i caribien. Det er ei oppleving.

Prisen dekkar reise, lugar og alle måltid ombord. De kan velgja mellom fleire restaurantar slik at det ikkje vert einsidig kost. I tillegg er det fleire restaurantar der de kan bestilla bord, få litt finare mat og betala for det. Sushi t.d. eller biff i all slags variantar.


Det er treningsløyper ombord, båten er jo så stor at det er joggeløype rundt han. Itillegg er det fitnessavdeling, skjønnhetssalong, spelehall, casino, mange butikkar m.m.


Då me la til kai dei ulike plassane reiste me på utflukter. Åååå så mykje interessant å oppleva!

Mellom anna fekk eg oppleva draumen eg har hatt sidan eg var lita jente. Symja med delfinar! Yes!

Prøv då! Ta dykk ein tur ut i verda , ut i varmen, ut i det eksotiske. Det er vel verdt!

søndag 18. januar 2009

Den andre bloggen min


Sjekk studiebloggen min: http://www.108groval.blogspot.com/


Her vil du etter kvart finna mykje interessant stoff om studering og læring.

torsdag 15. januar 2009

Dikt frå Holmatunrevyen 1995 - Ein knallsuksess





1995 var året då me hadde revy i Holmatun etter mange års teaterpause i laget. Revyen vart ein suksess og diktlesaren er ein figur som nesten alle hugsar.




Eg skreiv desse tullete dikta ei lita kveldsstund då eg jobba med revyen.



Kjell Arne Flotve fekk det til å verta braksuksess med sin figur i gamle kle og høge brune støvlar.






Dikta fann eg att på ein gammal diskett og her er dei:






BADING

Bading i sjø og bading i vatn
Sommaren e' her , eg bryr meg 'tje katten
Bading-----------Nymfebading
Badenymfe--------Nudistbading
Bading med såpe i badekar
Bading i gjørme - me lagar fotafar
Dusjing og bading
Bading under styrt
Bading i pool kan verta dyrt
Bading i badik ,i shorts og i drakt
Ein sku ' vel kanskje vore badevakt
Korfor skal ein bada , eg berre spør
Eg vaska meg jo til jul og påska her før.


STØVELDIKT

Store støvlar
Store støvlar , brune støvlar
Støvlar med drit , grøne støvlar
Støvlar med knyting og knirkande syting
Støvlar meg her og støvlar meg der
Eg støvlar i støvlar oppetter lia
Eg støvlar i støvlar nedetter lia
Støvelskit inne i huset
Eg støvlar i støvlar og snakkar til ho.
Ho har kvite støvlar
Ståande i skapet , brukar dei aldri
De står dar i skapet
Kvite støvlar , de står dar å lyse
GÅ I STØVLANE DÅ DI PYSE!!!!!!!
Eg må alltid gå med støvlar eg







TJODLEIK DEN FLOTTE GUTEN
Eg har alltid vore sexig
Eg har alltid vore fin
Åååå huttemegtu seier du til meg
Eg ve' ve'me deg
Kvinnfolka har alltid hengt på slep etter min bak
Nei, eg har alldri vore svak
Sjå på meg her eg står Sexig med krølla hår
De ventar på meg alle eg er klar over det
Eg e' ikkje tung å be.
MEN , NO SKAL EG HEIM Å STEIKJA VAFFLE


BRYDLAUP

Framande folk og framande gjester
Kjem kjøyrande i bil og ridande på hester
Sylvknapp i bringa og sylvspenne i hår
Eg tenkjer på dei og: "Kvar var eg i går?"
Eg minnast ei flaska
..noko tobakk eg naska
Det gjekk rund for meg
Var eg med deg?
Eller var eg ikkje?
Ein ting er sikkert : Eg hadde det moro
Kjerringa vart sint og der for ho....
Eh håpar ho kjem att .. I allefall til i natt
Da va brydlaup da!!!


HAKAPIKEN

Ha'kapiken
Hakapik'en
Hakap'iken
HAKAPIKEN
Dei tek deg med den du stakkars gosse
HAKAPIKEN------E' du redd?
Da hadde i allefall eg vore.................


LUSAKJØRAR ELDE EI?

Me smellte igjen dørane
Me spende oss fast
Me starta opp og da va bonn gass
Desse nymotes bilane ja dei går på fram
Me eksa rundt i heile Kvam
"Eg står i spagat !" Ropar grøftagraset
Nabokjerringa får blåst inn glaset
Parykken te' Bertil tørna rundt i tunn
Desse nymotes bilane e' eit kjempefunn
Eksosen legg seg over duggvåte enga
Da' e' so heile Øystese ristar i senga
Med lynets hastigheit me fer forbi
Og hovudet snurrar rundt på onkel politi
Kva var det? Spør Håland'en seg
Nei veit du kva ,seier Hamre
Spør ikkje meg.
SO EG E' I ALLEFALL INGEN LUSAKJØRAR!!!!


KVINNFOLK

Eg går og tenkjer , tenkjer om dagen
Kva tenkjer eg på ? Spør eg meg
Og eg svarar meg
Jau det skal eg sei deg
Kvinnfolk------KVINNFOLK
E' da kvinnfolk som opptek meg?
Ja , da e' da visst både ned og opp
Men du...................................
Sko da ikkje vå' eg so tok litt på dei
.....i frå ned til topp???








INNELÅST

Bergens Tidende og andre aviser... Dei lese alle
Se og Hør og Nå
Norsk Ukeblad , Hjemmet og Romantikk...Dei e' for kvinnfolk
Vi Menn og Alle Menn ... Dei e' for mannfolk
Men for meg?
.....For meg e' da no Playboy, Cupido og saker
All verdens smusslitteratur har eg i skuffo.......
Men , eg les dei ikkje!!
Dei ligg dar innelåst, slek so tankane mine
Da ' e' godt me er to i huset so har da likt
......Eg ------å skoffo.
E' DU INNELÅST?


VALGET

Da ' har vore mykje snakk om politikara
POLITIKARA Ka' e ' da? POLITIKARA
Ja , me kan godt spørja
Dei er like heile " smørja "
Set der i rådhuset , ja da gjer dei
Dei sete på baken , gjer ingenting med saken.
Mat får dei påsmurt , dei bruka ikkje nista
So føre dei seg opp på partilista
Og so skal me liksom stemma i hytt og i ver,
mens dei på hotella fer
Der skal dei ha møte for å finna peng,
og gje oss ein masse drittavgifter me ikkje treng.
Eg står og ropar:" EG VIL HA BETRE VEG!"
Nei so fanken om likar dei.
MEN, EG STEMMER SP...







ALL SLAGS SVIN

SVIN
Svin på skogen e' da nokon som har----Kjenne fleire sleke eg...
Svin i floren e' da nokon som har------Kjenne fleire sleke og eg...
Svinakjøyrarar e' da mange so e' -------Og da' e ' eg og da
Svinapels kallar me nokon--------------Dei e' ikkje godt likte
SVIN SVIN SVIN.........
Svinaribba har me på bordet------------Da ' e ' godt å eta...
Svinande fine e' da nokon so e'----------Men e' dei eigentlegso fine då?
Svinfeite kjerringa e ' da mange so har
Da har ikkje eg--------Ho e tudn
Men..... Ho e' eit svin.


GAMLINGEN

Da ' e ' eikkje lett å verta gamal
Gamlingen har du høyrt da før?
Dei likar sirup og mykje smør .
Ikkje skal dei ha mat utan at dei får da til ti'a
Fyrst skal dei jobba langt oppe i li'a
Da e' frukost , da e' non ,da e' mat til middag og kveld
Nei ungdom : Da e dei gamle so held.
Ikkje et dei hamburger og ikkje pommezfrites med salt
Nei slikt feraslag synes dei er galt
Dei drikk ikkje Coca Cola og anna " berk"
Nei då tek dei heller ein so e' litt sterk
OG DA E' GODT DA!

onsdag 14. januar 2009

Midt i veka tankar


Onsdag

Natt snart

Mange timar

-har vore opptatt

Mykje å gjera

-faste plikter

-studering



Onsdag

-snart helg

Freddan blir det stas

-trur eg

Hardangerfjord

-skibidiii

Livet er herleg!



Onsdagnatt

-snart lall

Morgondagen ventar

-på meg

Ventar du?

-På kva?

Livet er forunderleg!

DAVID TOSKA - Er du lik????


Hordaland - NRK Nyheter



Liknar du på David Toska? Då kan du få rolle i ny film om Nokasranet. Dei er og på utkikk etter mange andre, både damer og menn. Sjekk sida til NRK Hordaland. Der finn du informasjon om audition i Bergen.

tirsdag 13. januar 2009

Blogging og nettstader ein tysdagkveld


Her sit eg og kjempar på for å halda tunga rett i munnen og orden på ulike bloggsider og nettstader som skal opprettast.
Eg held på med eit studie som heiter digital kompetanse i læring. No var oppgåva å laga seg til med studieblogg der me etter kvart skal leggja ut artikkel med meir.
Du finn studiebloggen min på denne addressa viss du er interessert i å fylgja med. Eg skal snart leggja ut ein artikkel om sosial wegb og læring. http://108groval.blogspot.com
I tillegg har eg laga ein nettstad i Google som eg deler med alle studentane. Vert spanande å sjå kva me skal dela der.
Høyres komplisert ut? Nei eigentleg ikkje. Heldigvis hadde eg byrja å ekprimentera og rota på med blogging før jul. Resultatet er denne sida du sit og les på no.

Eg har ikkje kome så langt med å finna ut alt, men eg er godt på veg og no skal det koma seg noko kraftig ska du sjå. Berre venta nett ør littegranne til.
Eg har mellom anna lurt litt på interessanne prosjekt eg kan leggja ut her slik at de kan fylgja med. Me får sjå....

Elles er det tysdagkveld og tida går med til plikter. Hadde livet vårt vore pliktfritt, hadde det vore bra? Tenk å vassa rundt i kvardagane og ikkje hatt plikter? Nei, det kunne eg ikkje tenkt meg. Alvorleg tala!
Nei .....det beste hadde vore, meiner eg, at me visste kvar i kroppen samvitsstrengen (samvittighetsstrengen) var. Då kunne me rett og slett inn og lobotomert han. Åååå hadde berre det gått an!
Som de sikkert forstår slit eg med dårleg samvit. Det er fordi du er dame vil kanskje noko sei. Javel, ok, eg er hokjønn, men må me alltid ha dårleg samvit for noko då? Er det liksom gitt at me skal vera proppa med dårleg samvit for alt mogleg, berre fordi ein er dame. Ok! Er det slik , ja, då skal eg vera mann i mitt neste liv!

Ikkje misoppfatta meg no! Eg sit ikkje her og syt nei. Eg berre forklarar dykk korleis ei dame sine plager er om dagane. Du trudde kanskje at premenstruelle plager var det verste, eller overgangsalderen. No er ikkje eg der endå så eg kan ikkje heilt uttala meg, men eg trur at samvitet er det verste.

Kanskje er det slik at me har tukla med noko som i utgangspunktet var tenkt annleis? Var det tenkt at me skulle vera heime i huset, ta oss av hus, familie, barn, mann og matlaging? Då er det ikkje mange att av det opprinnelige hovesenet!
Nei me karrierekvinner rotar på med all slags utfordringar, bortimot heile tida, heile døgeret. I tillegg skal me altså ta oss av det som vart ramsa opp ovanfor.
Kor skal dette enda? Vil arten menneske, vesen kvinne, endra seg over tid, at det er det som er i ferd med å skje? Er det difor samvitet mitt ligg og gneg heile tida for noko? Vil det vera forbipasserande, vil det verta utsletta til slutt slik at eg vert kald og kynisk , eller vil det verta ekstra forsterka slik at eg etter kvart kjem meg tilbake der eg høyrer til, å gje omsorg, mykje omsorg til hus, mann (viss eg hadde hatt), barn, familie osv?
Nei kven veit?
I mellomtida rasar eg rundt i min nye, svarte, fantastiske Swift på stadig jakt etter å spara inn ør litegrann tid her og der medan eg skal gjera alt eg faktisk skal!
Ha ein fantastisk tirsdagskveld. Samvitet mitt gneg meg no bort frå PC. Det er trass alt mange andre fornuftige greier eg skal ta meg av i kveld.

mandag 12. januar 2009

Januarnatt


...og eg får ikkje sova. Har lagt meg...og ja, stått opp att. Slit med sovinga kan du sei. Er ikkje noko bra det men sånn er altså livet her hos meg.
Ikkje mange timar til eg skal på jobb att. Eg har ein jobb eg elskar. Utruleg kjekt å vera lærar i ungdomsskulen så det anbefalar eg alle.

Dagen i dag har gått med til å laga ulike matrettar og sett over elevarbeid. Helga elles vart ikkje slik eg hadde tenkt. Er me ikkje ofte ute for det? Planlegg og ser føre oss korleis det skal bli, og brått står me der og ting er heilt annleis. Då må me hiva oss rundt og ta ting på sparket, gjerne leggja om på planar i full fart, og berre liksom komma oss vidare. Kva skulle me gjort utan alle planane me har og kva skulle me gjort utan evna til omstilling? Biletet her er i frå det eg liksom skulle vore med på i helga. eg fekk med meg nett eit øyeblikk av det , så pass at eg fekk tatt nokre bilete.

Vel vel...eg lurer på om det er koseleg og varmt i senga mi no? Kanskje det kan vera mulig å få noko blund på augo. Trur rett og slett ikkje eg er fødd for å sova. Trur kanskje Gud gløymde den egenskapen då eg fekk utlevert det eg skulle. Har eg fått noko meir enn dykk andre av noko anna? Har eg overvekt av noko? Ja , nei,, overvektig , kanskje litt, men eg har det no bra.

Og sånn går nu dagan! Eg ventar liksom på vinteren. hadde vore flott med litt skikkelig snø og nokre flotte kalde vinterdagar med sol.....skia står klar her dei.

I mellomtida nyt eg å kjøra rundt i ny bil. Har kjøpt meg ein liten firhjulstrekkar. Swift e go bil seddu!

Nei. Bingen ventar. Får prøva meg på ny ..sjå om eg finn roen i senga og at kroppen vil slappa av å gje seg med verk.
Natt natt alle mann alle!